Kristoff varmar opp til VM i «badstove»

Aleksander Kristoff førebur seg til VM i Qatar i høg varme og fuktigheit. I eit haustprega Stavanger finner han slike forhold innandørs.

Forbereder seg til sykkel-vm i Qatar.

SJÅ VIDEO: Kristoff trenar innandørs i Stavanger, i eit rom som held ein temperatur på 35 grader.

– Nå er det 35 grader her, seier Alexander Kristoff.

– Korleis er det å trena i denne varmen?

– Det er litt varmt når ein sitter på rulla, får då får du ikkje vind på deg. Men me skal jo bli vant med varmen, så det går greit, seier Kristoff.

I eit rom på St. Svitun vidaregåande skule i Stavanger har nokon skrudd opp varmen kraftig. For folk flest ville dette ha vore altfor varmt å trena i. Men Alexander Kristoff har trent her saman med lagkamerat Sven Erik Bystrøm kvar dag den siste veka.

– Det er litt morosamt, fordi det ikkje er noko me gjer til vanleg. Og det ikkje så ille som ein skulle ha trudd, seier Kristoff.

VM er hovudmålet

Ein time ekstra trening på sykkelen i 35 grader og 40 prosent luftfuktigheit må til. Om ei drøy veke er det VM i Qatar, og der er temperaturen mykje høgare enn i haustlege Stavanger.

– Det er VM som er hovudmålet i år. Det er det siste løpet, og det går i 35 grader. Det får me ikkje trent i her heime, så difor gjer med det på ein annan måte.

Trur du varmen kan bli ein joker i VM?

– Ja, det trur eg. Eg trur folk fort kan gå tom for drikke og få krampar. Det kan bli mange sin bane i det løpet, så det gjelder å få i seg nok veske.

Trur på medalje

Men sjølv om varmen kan vera ein joker i VM, meiner Kristoff at sjansane er gode.

– Me har eit bra lag, me er ni mann. Me har ein Edvald som er i bra form, og som styrkar laget. Eg trur eg og er i okei form, og eg har køyrt bra i Qatar tidlegare. Så eg trur me stiller med eit lag som kan ta medalje, og kanskje gull.