Hopp til innhold

Kristoff suveren i dag også

Alexander Kristoff er suveren for tida, og i dag vann han eindagsrittet Scheldeprijs i Belgia

Alexander Kristoff

(arkivfoto)

Foto: VALERY HACHE / Afp

Kristoff hadde full kontroll i spurten etter 20 mil på sykkelen. Vel ein kilometer frå mål gjekk fleire titals ryttarar i bakken i ein dramatisk massevelt, men Kristoff slapp unna med skrekken, og kunne spurta inn til nok ein siger.

– Så ingen som kunne slå meg

– Dette er verkeleg morosamt. Eg er i god form. Det har vore ei god veke, sa Kristoff i sigersintervjuet.

– Laget jobbar bra i lag. Dei gjorde ein bra jobb for å køyra inn brotet og bringa meg i posisjon på slutten. Eg var ikkje sikker på om eg skulle vinna, men så ingen som kunne slå meg, held han fram.

– Det var ei fantastisk avslutning. Det såg heilt håplaust ut ei stund der, seier Stein Ørn, Kristoff sin stefar og trenar til NRK rett etter målgang.

– Alexander har tatt ut absolutt alt han hadde i den spurten der.

NRK var med trenar og stefar Stein Ørn då Kristoff kryssa mållinja onsdag.

– Folk forventar siger på søndag

Kristoff er inne i ein fantastisk periode, og har denne våren blant anna vunne Flandern rundt og tredagarsrittet De Panne-Koksijde. I dag tok han endå ein siger, og til helga er det klart for klassikaren Paris-Roubaix.

– Vinn han på søndag, er det absolutt ingen som har klart noko liknande tidlegare, seier Ørn.

– Med dagens siger markerer han posisjonen han har i den internasjonale sykkelverda, og folk forventar at han vinn. I dag vinn han på ein overbevisande måte.

Kurt Asle Arvesens tredjeplass frå 2001 var før Kristoffs siger beste norske innsats i semiklassikeren Scheldeprijs.

Dette er Kristoffs triumfar i år:

Flandern rundt, tredagarsrittet De Panne-Koksijde og Scheldeprijs. Etappesigrar: 3 sigrar i Tour of Qatar, 1 siger i Tour of Oman, 1 siger i Paris-Nice, 3 sigrar i De Panne-Koksijde.