NRK Meny
Normal

- Heng med så lenge eg kan

Ingen skal skulde Stavangersyklisten Alexander Kristoff for å snakke seg sjølv opp før eindagsrittet Paris-Robaix startar i dag, søndag. – Eg skal prøve å halde følge, seier han.

Paris-Roubaix

Det er når regn og gjørme gjer brusteinen glatt at Paris-Robaix verkeleg blir ei utfordring.

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / REUTERS

– Det er klart det er ein draum å vinne Paris-Robaix, men eg føler ennå at det er litt langt unna, seier Kristoff.

CYCLING-FLANDERS/ Team Katusha rider Alexander Kristoff of Norway celebrates on the podium after winning the 99th Ronde van Vlaanderen Classic cycling race in Oudenaarde

Kristoff gjekk til topps i Flandern Rundt i fjor, men han er tydleg på at Paris-Robaix er eit heilt anna løp.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Likevel signaliserer han at han skal prøve å koma seg med i eit brot, før favorittane Cancellara og Sagan byrjar å røra på seg.

– Då slepp eg å auke farten for å følgje med dei når dei går. Det er betre å bli tatt igjen og så henge seg på, seier Kristoff til TV2 ritt føre rittet byrjar.

Les også: Arrangøren tar grep for å unngå nye halsbrekkende stunt

Helvete i nord

Løypa har vanlegvis 40–50 kilometer med brusteinsparti. I motsetnad til Flandern Rundt, der brusteinen for det meste er i bakkar, så er det oftast flate parti med dette underlaget i Paris-Robaix.

Paris Roubaix

Vanlegvis er det 40-50 kilometer med brustein i løypa.

Foto: Michel Spingler / Ap

Les også: Frykter nytt kaos i Paris-Roubaix: – Det blir farlig

Det betyr at ryttarane held stor fart, med ditto fare for velt eller punktering.

– Eg har ikkje trent så mykje på brustein og ikkje føler eg meg så komfortabel på underlaget heller, seier Kristoff.

Han fortel at for å hevde seg i toppen er det nødvendig å ha trent mykje styrke.

– Tidlegare har eg ikkje vore så sterk, men det har kome seg dei siste åra, seier syklisten som hevda seg godt i Flandern Rundt sist søndag.

Eit anna løp

– Eg blei nummer fire i Flandern Rundt, men det var jo fordi eg vann spurten i den store gruppa, seier Kristoff.

CYCLING-BEL-DE PANNE

Alexander Kristoff blir ikkje nemnt blant dei store favorittane, men alle konkurrentane kjenner til spurten hans.

Foto: KRISTOF VAN ACCOM / Afp

Han seiar at hans største styrke ennå er den gode spurten, og at han slit med å halde følge når det blir køyrt for hardt undervegs i løpet.

– I San Remo, som eg vann i 2014, så kjem det ofte ei stor gruppe saman til mål, og det er grunnen til at eg gjer det ganske bra der, seier Katusjaryttaren.

– Her i Paris-Robaix er ofte feltet meir delt opp på slutten, og då slit eg med å henge med blant dei aller fremste, vedgår Kristoff.

Les også: Boasson Hagen blant favorittene