Hopp til innhold

Krisemøtet etter Birkedal-saka

Medan Stavanger Frp sin tidlegare ordførarkandidat, Trond Birkedal, sit i varetektsfengsel med brev- og besøksforbod, hadde lokallaget krisemøte tysdag kveld. Her blei det klart at dei skal velja ny ordførarkandidat på måndag.

Frp Krisemøte

Leiar i Rogaland Frp Terje Halleland og leiar for Stavanger Frp Marit Amundsen etter eit krisemøte tysdag ettermiddag.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det vil bli nytt nominasjonsmøte i Stavanger Frp førstkomande måndag, berre tre dagar før siste frist til å levera inn lista.

Dette blei avgjort i eit ekstraordinært styremøte i kveld.

Nullstillar prosessen

Trond Birkedal sa i går frå seg alle politiske verv, etter han blei sikta av politiet for å ha snikfilma ein naken 19 år gamal mann. Dermed stod Frp utan ordførarkandidat i Stavanger.

Leiar i lokallagsstyret Marit Amundsen seier at det nå er viktig for partiet med ein demokratisk prosess rundt ny kandidat.

– Medlemmar av partiet kan nå koma med forslag til ordførarkandidat fram til 48 timar før møtet, seier ho.

Dermed er det ikkje nødvendigvis Sissel Stenberg, nummer to på dagens liste, som blir den nye ordførarkandidaten.

Birkedal vant nominasjonskampen mot Stenberg

Birkedal vant nominasjonskampen mot Stenberg 29. november i fjor. Nå må Sissel Stenberg må gjennom nytt nominasjonsmøte før ho eventuelt blir Stavanger Frp sin nye ordførarkandidat.

Foto: Zbigniew Czaplicki / Nrk

Tidlegare kamp

For berre nokre månadar sidan var det strid i partiet om Stenberg eller Trond Birkedal skulle stå som ordførarkandidat før valet i haust.

Nominasjonskomiteen gjekk inn for Sissel Stenberg, men partiet vraka innstillinga til komiteen og gjekk inn for Birkedal.

Etter Birkedal i går trakk seg frå alle verv i partiet, kan det nå bli kamp om topplasseringa på lista nok ein gong, ved at alle i partiet kan koma med forslag til nye kandidatar.

Det var to personar i styret som stemte imot nytt nominasjonsmøte, desse ville heller at Sissel Stenberg skulle bli den nye ordførarkandidaten ved å automatisk rykka opp på lista.

Frps generalsekretær Geir Mo
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Toppleiinga i kontakt med politiet

Medan kampen om ordførarkandidaturet går sin gang i Frp Stavanger, kan det sjå ut som om saka Trond Birkedal er sikta for blir meir og meir alvorleg.

Politiet har opplyst at siktinga vil bli utvida på onsdag, og i Aktuelt på NRK 1 i kveld kunne generalsekretær Geir A. Mo fortelja at toppleiinga i Frp har vore i kontakt med politiet.

– Me har fått alvorleg informasjon i etterkant av medieoppslaga det siste døgnet, dette har me gått vidare med til Rogaland politidistrikt, seier Mo.