Hopp til innhold

To år etter drapet gjer politiet nye undersøkingar på åstaden

Målingsflak som har ligge utanfor bustaden der Scarlet Thomsen (33) blei funnen død for to år sidan kan bli sentrale når drapssaka på ny skal opp i retten.

Forsvarar Anne Kroken saman med politiet på staden der

NY UNDERSØKING: Fredag blei det gjort krimtekniske undersøkingar utanfor huset der Scarlet Thomsen blei funnen død for to år sidan. Også forsvarar Anne Kroken (t.v.) var med på undersøkingane.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me vil vita om det er ein samanheng mellom desse målingsflaka, og målinga som blei funnen på kroppen hennar, seier Anne Kroken som saman med Odd Rune Torstrup forsvarar tiltalte i drapssaka på Bryne.

Det var hausten 2015 Scarlet Thomsen blei funnen død utanfor leilegheita si. I Jæren tingrett blei sambuaren hennar dømt til forvaring i ni år for å ha mishandla henne til døde.

Saka har blitt anka, og det var i den samanheng at forsvararane reiste tilbake på åstaden og fann målingsflak, som dei meiner politiet ikkje har undersøkt godt nok tidlegare.

Kan bli viktige prov i rettssak

Forsvararane meiner målinga kan seia noko om avdøde blei drepen i leilegheita eller om ho blei frakta der etter ho blei drepen.

Anne Kroken

Anne Kroken er saman med Odd Rune Torstrup forsvararane til den 39 år gamle mannen som blei dømt for å ha mishandla sambuaren sin til døde.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dersom det er ein samanheng kan ein leggja eit anna faktum til grunn enn det tingretten gjorde. Då er dette nye opplysingar som vil få mykje å seia for den vidare etterforskinga og føringa for retten, seier ho.

Det var på førespurnad frå forsvararane at politiet sende krimteknikarar tilbake til leilegheita der dei pakka saman koffertane sine for to år sidan.

– Me har sikra oss målingsflak som me skal senda til analyse for å samanlikna med andre funn. Eg vil ikkje meina at det er desse målingsflaka saka står og fell på, men det me finn ut kan sjølvsagt vera relevant, seier Thomas Frøberg, som er konstituert førstestatsadvokat ved riksadvokatembete.

– Når de må tilbake to år etter, betyr det at jobben ikkje blei gjort godt nok første gong?

– Ein har ikkje sett på det som nødvendig å gjera desse undersøkingane, men når forsvarar ber oss om å gjera det, så føl me det sjølvsagt lojalt opp, seier han.

Krimteknikere arbeidet fredag på stedet der den 33 år gamle kvinnen ble funnet død

FØRRE UNDERSØKING: Bilete frå då krimteknikarane var på plass utanfor leilegheita på Bryne i 2015.

Foto: NRK

Betyr ikkje forseinkingar

Drapssaka har drege lenge ut i tid, mellom anna på grunn av at saka ikkje blei fullført då den var oppe i Gulating lagmannsrett i mai. Grunnen var at eit jurymedlem snakka til ein politimann i pausen. At ein nå jobbar med nye prov i saka skal likevel ikkje ha noko å seia for berammingsdatoen. Det meiner både forsvararane og Frøberg.

Det er i slutten av denne månaden saka skal opp igjen, og forsvararane kjem truleg til å legga mykje vekt på at etterforskinga tidleg i prosessen peila seg inn på klienten deira.

– Det er ting som kan undersøkast betre. Derfor har me også bede om å få meir materiale frå politiet, dette går me gjennom nå. Spesielt med tanke på om det er andre personar som burde ha blitt sjekka nærmare opp i samanheng med dette dødsfallet, seier Kroken.