Hopp til innhold

KrF seier nei til færre mjølkeregionar

Regjeringa sitt forslag om å redusere talet på mjølkeregionar, vil føre til at det blir vanskelegare å drive landbruk i distriktet, meiner Olaug Bollestad (KrF).

Kyr

Regjeringa sitt forslag kan bety at mjølkeproduksjonen blir plassert nokre få stader i landet, fryktar KrF. (Arkivbilde)

Foto: Torstein Sørheim Bjørkås / NRK

I sitt forslag til landbruksmelding, gjekk regjeringa inn for å redusere talet på mjølkeregionar i landet frå 19 til ti.

Dette reagerer Kristeleg Folkeparti på. KrF er støtteparti til regjeringa og må vera med på regjeringa sitt lag, dersom dette skal gå gjennom i Stortinget til våren.

Bakgrunnen er at prisen for å kjøpe opp mjølkekvotar varierer i dei forskjellige regionane. Prisen er høgast i Rogaland, der det kostar mellom 13 og 14.50 kroner å kjøpe opp ein liter mjølkekvote. Medan det i Sogn og Fjordane kostar mellom åtte og ni kroner.

Olaug Bollestad

Stortingsrepresentant frå Rogaland KrF, Olaug Bollestad er kritisk til landbruksmeldinga sitt punkt om nye mjølkeregionar.

Foto: Gunnhild Sørås / KrF

– Skulle Rogaland og Sogn og Fjordane kome i same region, betyr det eit kraftig press på bønder i Sogn og Fjordane for å selje mjølkekvotane sine. Det vil me ikkje, for KrF vil at landbruk skal kunne drivast i heile landet, seier stortingsrepresentant Olaug Bollestad frå Rogaland.

Jæren kan bli ein eigen region

– Det største problemet nå er at bøndene i Norge er for lite konkurransedyktige, seier statssekretær i landbruksdepartementet, Terje Halleland.

Han meiner at færre mjølkeregionar kan vera med på å «velta nokre steinar i eit fastlåst system», som han ordlegg seg.

Terje Halleland

Statssekretær i landbruksdepartementet, Terje Halleland, vil ha endring i norsk landbruk.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Me kan for eksempel vera med på at Jæren blir ein eigen region, mot at resten av Rogaland pluss heile Hordaland og Sogn og Fjordane blir ein annan region.

– Det viktigaste for oss er uansett å få ned talet på mjølkeregionar. Helst ned til ti, slik at det blir likt som talet på vanlege regionar, seier Halleland.

Går imot bøndene på Jæren

Bollestad held fast på at ho ikkje vil endra talet på mjølkeregionar frå 19 til ti, slik regjeringa legg opp til.

– KrF er også eit parti for dei mindre bøndene i Ryfylke, på Haugalandet og i Dalane, seier Bollestad.

– I tillegg vil me ha mjølkeproduksjon i heile landet og ikkje sentralisert til Jæren og nokre få andre stader i landet, seier ho.