Hopp til innhold

KrF positive til å la papirlause jobbe

KrF ynskjer å sjå på om ein kan få til ei ordning, slik at papirlause flyktningar som ynskjer det, kan få jobbe.

Geir Toskedal i gangen på Stortinget

Geir Toskedal meiner at både grunnlova og menneskerettane er tydelege på at retten til arbeid er grunnleggjande for menneske.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Viss det er arbeid og dei kan utføre ein jobb som arbeidsgjevar har bruk for, så burde det gå an å få dette til, seier KrF sin innvandringspolitiske talsmann, Geir Toskedal.

I dag er det ikkje lovleg for papirlause flyktningar å jobbe i Norge, fordi dei ikkje får skattekort, og dermed ikkje betaler skatt.

Har tilsett papirlause

I går fortalde NRK om Melat frå Etiopia. Ho er papirlaus flyktning som ikkje kan returnerast til heimlandet. Ho har fått avslag på asylsøknaden og har difor ikkje fått innvilga søknaden om skattekort. Men trass dette har bedrifta Plog på Sola tilsett 20-åringen i bedrifta si.

For dagleg leiar, Arne Viste, meiner det strir mot både grunnlova og menneskerettane å nekta dei papirlause arbeid.

Ulovleg arbeid

Arne Viste håpar praksisen blir endra slik at papirlause kan jobbe lovleg.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg vil ha endra praksisen slik at dei papirlause skal kunne jobba og få eit verdig liv igjen. Det er også bakgrunnen for at me tilsette Melat, som eit eksempel på dette, seier Viste.

Krf vil sjå på saka

KrF seier nå at dei vil sjå på saka. Geir Toskedal peikar også på at både grunnlova og menneskerettane er tydelege på at retten til arbeid er grunnleggjande for menneske.

– Det burde gå an å finne ei ordning slik at me får dei ut i arbeid. Det er ingenting som er meir passiviserande enn å bli sittande på eit asylmottak utan å gjera noko, seier Toskedal.