Hopp til innhold

Krf-politikarar reagerer på facebook-deling

– Ein må vera forsiktig med kva ein delar på Facebook, seier Krf-ordførar Ole Tom Guse.
Krf-politikar Ellen Solheim har fått kritikk etter at ho for få dagar sidan delte ein artikkel der biskopane blir satt i same bås som nynazistar.

Ellen Solheim i KrF trekker seg fra gjenvalg til fylkeskommunen

Ellen Solheim er gruppeleiar i Krf i Rogaland fylke, og blir kritisert for å ha delt ein artikkel på Facebook.

Foto: Bitmap/Markus/KrF

– Eg for min del hadde vore veldig forsiktig med å dele ein artikkel som dette, seier Ole Tom Guse, Krf-ordførar i Forsand.

Han referer til artikkelen som hans partikollega Ellen Solheim valde å dele på sin facebook-profil for få dagar sidan.

Ole Tom Guse

Ole Tom Guse er ordførar i Forsand, og er kritisk til deling av artikkelen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Artikkelen er skriven av Conrad Myrland i organisasjonen Med israel for fred (MIFF) og har tittelen "Biskoper som ikke trøster Israel, men islamister og nynazister".

– Dei samanliknar biskopar med nynazistar, og det synst eg er svært uheldig, seier Guse.

Leiar i Krf i Rogaland, Per Kåre Foss tek avstand frå påstandar som kjem fram i artikkelen.

– Den artikkelen i frå MIFF synst eg er unyansert, og bruker eit språk eg ikkje ville ha brukt. Og spesielt den siste avslutninga med assosiasjonar til nynasismen, den tek eg direkte avstand frå. Det er eit overtramp, seier Foss.

Biskopen vart provosert

For i siste avsnitt av artikkelen står det:

«En kirke som hver adventstid går til frontalangrep mot den moderne staten Israel trøster nok svært få, bortsett fra islamister, kommunister, nynazister og palestinske nasjonalister som forenes i drømmen om å se Israels fall.»

I Rogalands avis, som først omtala saka, gjekk biskop Erling Pettersen, hardt ut mot Solheim, for at ho delte artikkelen.

Per Kåre Foss

Per Kåre Foss er leiar i Krf i Rogaland.

Foto: KrF

Men det vil ikkje bli reaksjonar frå Krf på delinga, seier Foss.

– Nei det vil ikkje bli reaksjonar frå meg i vertfall. Eg konstaterer at Ellen Solheim har delt denne utan å legge til ein kommentar. Det betyr at ho sjølv må fortelje kva ho likar og ikkje likar med denne artikkelen, seier han.

La ut forklaring på Facebook

Ellen Solheim vil ikkje kommentere delinga til NRK, men la tidlegare ut denne meldinga på Facebook:

«Jeg delte dette innlegget på facebook i forrige uke. Jeg kommenterte det ikke da jeg la det ut, men burde ha skrevet at jeg tok avstand fra overskriften og sluttkommentaren i artikkelen. Likevel mener jeg at det framkommer mye faktainformasjon fra artikkelforfatterens side. Nå har Rogalands Avis publisert en artikkel med overskriften "Uthengt som nynazist", hvor det blir fremstilt som om jeg har kalt biskopen for nynazist. Det har jeg ikke, og jeg beklager at det blir fremstilt slik. Vi har nok ulik oppfatning Pettersen og jeg om konflikten i Midtøsten. Det får vi respektere hverandre for.»