– Ropstad kjem aldri til å ha eit høgt verv igjen i KrF

KrF-politikar Marit Liland Øverland snakkar av erfaring når ho seier at Kjell Ingolf Ropstad ikkje kan fortsetja som topp-politikar.

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad har kalla inn til ein pressekonferanse klokka 14 i dag

Foto: Ali Zare / NTB

I dag gjorde partileiar i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, det klart at han går av som partileiar og statsråd i Solberg si regjering.

Han sa på pressekonferansen at han likevel ser fram til å halda fram som KrF-ar.

– KrF har betydd ein forskjell, og eg ser fram til å vera med på det laget vidare, sa Ropstad.

Men ifølgje Marit Liland Øverland vil det bli utan høge verv.

Blei sikta for juks med reiserekningar

– Det Ropstad har gjort går ikkje saman med den jobben han har. Han kjem aldri til å ha eit høgt verv igjen i KrF, slår Liland Øverland fast.

Marit Liland Øverland

Marit Liland Øverland sat i kommunestyret i Lund frå 2011 til 2019. Nå er ho vararepresentant.

Foto: Privat

Og ho veit kva ho snakkar om.

Tidleg på 1990-talet blei ho sikta for å ha kravd for mykje pengar i reiserekningar til Rogaland fylkeskommune. Ho var då fylkespolitikar.

Kort tid etter la politiet saka vekk og opplyste at det ikkje var gjort noko straffbart.

Men Liland Øverland visste då at ho aldri kunne koma tilbake som politikar på høgt nivå.

– Det var ikkje partiet si skuld at eg ikkje kunne gå til topps, men eg visste at saka alltid kom til å koma opp igjen, dersom eg møtte ein ny vanskeleg politisk situasjon.

Inga hast

Då NRK snakka med Liland Øverland før pressekonferansen meinte ho at Ropstad ikkje burde ha hastverk med å gå av.

På bakgrunn av det ho sjølv opplevde, bad ho han om å vente i alle fall til regjeringa går av.

– Det er alt så mykje som har skada partiet, at det ikkje går lengre ned om han vert sitjande ei stund til, sa ho, som også tar Ropstad i forsvar.

Fleire reaksjonar i partiet

Sjølv om nestleiarane Olaug Vervik Bollestad og Ingelin Noresjø så langt har halde seg rolege, så har fleire andre KrF-arar kommentert den siste utviklinga i Ropstad-saka.

Ei av dei er Torhild Bransdal, ei anna kvinne med lang fartstid i partiet. Ho sa til NRK i går at ho trur det nå blir ein sterkare leiardebatt enn det hadde vore utan denne saka.

Gruppeleiar for KrF Skien, Erik Næs, er ein av dei som har gått hardt ut. Til NRK understreka han i går at han ikkje lenger har tillit til Kjell Ingolf Ropstad som partileiar.

– Eg meiner Ropstad er ferdig som partileiar, ganske enkelt. I praksis er han det. Det han kan gjere for seg sjølv og partiet vidare er å trekkja seg, seier Næs.

Men partileiaren får også støtte.

Leiar Oddny Helen Turøy i Rogaland KrF har framleis tillit til Ropstad.

– Han har gjort nokre dårlege vurderingar og det innrømmer han sjølv. Det er rett av han å beklaga. Eg forventar at han ryddar opp, slik han har sagt at han vil gjera, skriv ho i ein SMS til NRK.