NRK Meny
Normal

Kritisk til forslag om lukka asylmottak

– Det blir å møta dei som kjem med ei innstilling om at dei er kriminelle, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, frå Kristeleg folkeparti.

Fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, meiner utspel frå lokale Frp-lag er utfordrande for KrF.

Foto: Erik Waage / NRK

I helga hadde Rogaland Framstegsparti årsmøte. Her stemde eit stort fleirtal for eit forslag om lukka asylmottak for id-lause asylsøkjarar og asylsøkjarar som har fått søknaden avslått.

Fylkesordførar, Solveig Ege Tengesdal frå Kristeleg folkeparti, er kritisk til forslaget.

– Det er eit forslag som går langt i å møta dei som kjem med ei innstilling om at dei er forbrytarar. For dette vil langt på veg vera eit fengsel for dei som skal inn, seier ho.

– Dette utfordrar oss veldig

Oslo Frp gjekk også i helga inn for ein kontroversiell innvandringspolitikk.

Ege Tengesdal meiner det er problematisk når lokale Frp-lag går lengre enn Frp på riksplan i asylpolitikken sin. KrF har nyleg vore med på eit forlik med Frp om asylpolitikken, og Ege Tengesdal meiner at Frp bør stå for denne politikken også vidare.

– Eg trur ikkje det vil vera mogleg å få gjennomslag for dette på sentralt hald i Frp, seier ho.

– Men dersom dette skulle bli gjeldande Frp-politikk – kva vil du då tenka om å halda fram regjeringssamarbeidet?

– Det må me ta i fortsetjinga, men det er klart at det som nå skjer utfordrar oss veldig. For dette er forslag som går veldig langt.

– Folk er redde

Det var bystyrerepresentant i Sandnes, Wenche Meinich-Bache, som fremma forslaget på Frp sitt fylkesårsmøte på Sola i går.

Meinich-Bache avviser på det sterkaste at det er snakk om å setja asylsøkjarane i fengsel, sidan dei vil ha moglegheit til å reisa tilbake til landet dei kom frå.

Ho fortel at forslaget kjem på grunn av dagens flyktningsituasjon.

– Eg som lokalpolitikar treff utruleg mange folk som seier at dei tidlegare var urolege for situasjonen med mange asylsøkjarar i landet, men at dei nå er redde. Viss folk er redde så må nasjonen lytte, seier Meinich-Bache.