Hopp til innhold

Krev varetekt for brann-sikta

Politiet vil framstille dei tre som er arresterte og sikta for å ha starta ein brann på Bryne i natt, for varetektsfengsling. Dei tre, to menn og ei kvinne, i starten av 20-åra må sitte fengsla i helga før fengslingsmøtet på måndag. Politiet undersøker om dei tre har noko å gjere med ei påsette brannane på Bryne i det siste.