NRK Meny
Normal

Krev tre ferjer gjennom heile veka

Den aukande trafikken i Tau-sambandet går ut over pendlarar og hyttefolk - som stadig må stå over ferjeavgangar. Pendlarforeininga i Strand krev nå tre ferjer også i helgene.

Kø på Tau.

FERJEKØ: Slik såg ferjekøen ut på Tau søndag kveld i 18.30-tida.

– Mitt inntrykk er at det har blitt meir trafikk i helgene. Eg som pendlar merkar dette spesielt om ettermiddagane på fredagane, seier Kåre Hauge, leiar i Strand pendlarforeining.

På dette tidspunktet kan køane på Stavanger-sida i Tau-sambandet strekka seg ut av oppstillingsplassane og ut mot rundkøyringa, ifølge Hauge.

– Dette skaper trafikale problem. Pendlarane må anten gå mykje tidlegare frå jobb eller stå lenge i kø.

Søndagskøar

Trafikken hopar seg også opp på søndagskveldane, men då på Tau-sida. Dette skjedde også sist søndag og fleire måtte stå over ei ferje.

– Det står ofte kø langt ovanfor Statoil-stasjonen og Rema-butikken, opp mot rundkøyringa på Tau. Dette skuldast meir trafikk, seier leiaren av pendlarforeininga.

Hauge ser nå at det blir sett inn fleire ferjeavgangar på fredagane, og at det blir sett inn ei tredje ferje på søndagane.

– På søndagane går ikkje den tredje ferja i det heile. Ved å setja inn denne kan trafikken avviklast mykje betre på søndagane, meiner han.

(Artikkelen held fram under bilete).

Tau-kø

KØ: Ferjekøen strekte seg ovanfor Statoil-stasjonen på Tau søndag kveld. Eit ikkje uvanleg syn ein vanleg søndag.

Foto: Magnus Stokka

Ikkje rammer for meir

Regionsjef for ferjene i Rogaland, Gaute Gangenes, stadfestar at det har blitt fleire reisande i Tau-sambandet. Men auken er ikkje markant, ifølge han.

– Pendlartida er strekt i begge endar og fleire reiser seinare på kveldane. Det er også auke i bussreisande til Preikestolen, men dette skjer på dagtid.

Han legg til at det ikkje er rom for tre ferjer i helgene innføre rammene til Norled i dag.

Truleg ingen endringar fram til 2017

Det er Rogaland fylkeskommunen som sit på pengesekken og løyver pengar til Tau-sambandet. Leiar av samferdsleutvalet, Ellen Solheim (KrF), seier ho er klar over at pendlarane ikkje er fornøgde.

Ho legg til at det er lite som tyder på at det blir endringar fram til den nye kontrakten som skal gjelda frå 2017 til Ryfast opnar i 2019.

– Ei ekstra ferje i helgene har ei kostnadsside som det nye fylkestinget må ta stilling til. Det er dei som godkjenner den nye avtalen, seier ho.