NRK Meny
Normal

Vil ha kompensasjon for tapte pengar etter terror-stenging

Mange utstillarar tapte pengar på at Gladmat festivalen i Stavanger blei avlyst etter terroren i Oslo og på Utøya. Nå tar ein av utstillarane til orde for at kommunen skal kompensera for dei tapte pengar.

Gladmat stengt etter terrorangrep

Laurdagen etter 22. juli avgjorde leiinga at Gladmat festivalen i Stavanger skulle avlysast. Nå tar ein av utstillarane til orde for at dei skal sleppa å betala leige til kommunen ved neste års festival.

Foto: Frank André Bremnes/NRK

Ebun Cafe-Bistro og galleri er ein av utstillarane som i sommar pakka ned Glandmat-standen sin før planlagt på grunn av terroren som råka landet.

Dette medførte økonomisk tap for fleire av utstillarane . I eit evalueringsmøte som skal vera på onsdag skal utstillarane få koma med sine synspunkt på korleis dei meiner arrangementet gjekk.

Kjem med konkrete krav

John Mossige i Ebun Cafe-Bistro har allereie kome med krav til kva som må vera på plass for at dei vil delta neste år.

Eit av desse krava er at dei skal måtte betala mindre leige for å stilla ut i Vågen.

– Gladmat må forhandla med Stavanger kommune slik at det ikkje blir kravd leige til neste år. Dei pengane Gladmat sparer på dette bør gå til å redusera leiga dei tar frå utstillarane, skriv dei i eit brev til festivalen.

Dei understrekar at dette ikkje vil seia at dei er usamde i avgjersla om å stengja festivalen, men at dei ønskjer ei økonomisk handsrekking på grunn av tapa dei har lidd.

Tar stilling til spørsmålet seinare

Sjef for Gladmat festivalen, Mona Vervik, seier at dei jobbar med ulike tiltak knytt opp til tapa festivalen fekk i sommar:

– Gladmat ønskjer å behandla alle utstillarane godt. Krava som John Mossige kjem med for neste års festival er ikkje med i kontrakten me har med utstillarane per i dag. Det er for tidleg å gje svar om neste års vilkår for utstillarane, seier Vervik.

Førstkomande onsdag går styret i møte med utstillarane. Eventuelle krav i kontrakten for neste år er noko av det som vil bli diskutert her.