Hopp til innhold

Oljedirektoratet til Finnmark?

Aust-Finnmark regionråd meiner at delar av Oljedirektoratet bør flyttast frå Stavanger til Aust-Finnmark.

Snorre A

- Når meir av den norske oljeaktiviteten foregår i nord, vil det vere rett at oppgåvene som har med Barentshavet å gjere vert flytta nordover, seier Harald Larsen i Aust-Finnmark regionråd.

Finnmarksregion treng nye arbeidsplassar

Larsen seier at Finnmarksregionen treng nye og annleis arbeidsplassar for at fleire skal vilja leva, bu og vakse opp i regionen.

Oljedirektør Gunnar Berge meiner meir oppslitting av Oljedirektoratet er uheldig.

Oljedirektoratet har alt eit underkontor i Harstad og det vart etablert med tanke på større aktivitet i nordområda enn det er i dag, seier Berge. Difor åtvarar han mot endå eit kontor i Aust-Finnmark.

Trur flytting kan svekke Oljedirektoratet

- Det er uheldig med ytterlegare oppsplitting fordi det kan føra til ei svekking av oss i eit tid kor me har store og viktige oppgåver foran oss, ikkje minst i Nord-områda.

Berge trur ikkje det er blir lett å få tak i nok fagfolk i Aust-Finnmark til å drive eit underkontor.

Slit med å få tak i fagfolk

- Me har allereie eit stort problem med å få nok fagfolk i Stavanger fordi me mister fleire av våre mest erfarne medarbeidarar til oljeselskap.

Han seier at lokaliseringsspørsmålet er utprega politisk, og at det ikkje er opp til Oljedirektoratet å ta stilling til kor kontoret skal plasserast.

Regionrådet i finnmark gir ikkje opp og det er nettopp politikarane dei set sin lit til for å få meir av oljeverksemda.

Vil overbevise politikarane

- Politikarane har satt Nord-området veldig i fokus i samband med olja, og det kan ikkje enda opp i berre prat, seier Larsen i Øst-Finnmark regionråd.