Hopp til innhold

Krev meir pengar til rassikring

To millionar kroner til bygging av rassikrings-tunnel langs Tysdalsvatnet er for lite, meiner Facebook-aksjonistar.

tysdalsvatnet facebook tryggere vei

Dei unge aksjonistane som kjempar for tryggare veg langs Tysdalsvatnet arrangerer ein ny aksjon førstkomande søndag.

Foto: Lene Klovning Jørpeland / facebook / NRK

Strand formannskap vedtok i går å løyva to millionar kroner til eit kommunalt spleiselag for å sikra den rasfarlege vegen langs Tysdalsvatnet. Det er berre halvparten av det Rogaland fylkeskommune ba om.

- Det er dårleg at lokalpolitikaren ikkje løyver meir. Vanlegvis er det dei meir sentrale styremaktene som bremsar slike prosjekt, seier ein av leiarane bak Facebook-gruppa "Få tryggare veg langs Tysdalsvatnet i Ryfylke".

Riksvei 13 vil være stengt i flere dager etter dødsraset

Riskveg 13 langs Tysdalsvatnet blei stengd i fleire dagar etter dødsraset i mars.

Foto: Lene Klovning Jørpeland / NRK

- Er det nå fare for at det ikkje blir noko av tunnelbygginga?

- Eg håpar ikkje det. Men det set nå uansett ikkje opp farten for prosjektet, seier han.

Ny demonstrasjon søndag

Aksjonistane tok initiativ til ein storstilt demonstrasjon etter at ein mann omkom i eit ras på riksveg 13 langs vatnet i mars i år. Mange har latt seg engasjera i saka, og Facebook-gruppa har nå over 5.000 medlemmar.

Nå vil aksjonistan arrangera ein ny demonstrasjon. Den vil gå føre seg søndag 5. september klokka 13, på same stad som sist, nemleg Vatne camping.

- Me håpar på større oppmøte enn sist då omlag 400 menneske stilte. Målet er at politikarane snur før saka kjem opp i kommunestyret.

(Artikkelen held fram under bilete)

Demonstrasjon for trygg Riksveg 13

Omlag 400 personar deltok i demonstrasjonen for tryggare veg langs Tysdalsvatnet i mars i år.

Foto: Zbiniew Czaplicki / NRK

- To millionar kroner er nok

Prislappen for rassikring langs Tysdalsvatnet er 24 millionar kroner. Det heile skal finansierast gjennom eit spleiselag der fylkeskommunen, Strand, Suldal og Hjelmeland kommnunar bidreg.

Frå før har Suldal kommune gitt to millionar og Hjelmeland seks millionar kroner. Strand-ordførar Helge Steinsvåg reknar med at tomillionarsbidraget frå Strand er nok til at arbeidet kjem i gong.

- Me meiner det er viktig å vera ein del av dette spleiselaget, trass i at dette i utgangspunktet er eit statleg ansvar. Det er ingen tvil om at me vil arbeida for å få på plass ein tunnel som skal sikra vegen, slår Steinsvåg fast.

HAR DU TRU PÅ AT RIKSVEG 13 LANGS TYSDALSVATNET BLIR RASSIKRA?