Krev meir nynorsk

Noregs Mållag meiner Rogaland fylkeskommune må bruke meir nynorsk. Nesten hundre fråsegner denne hausten synte at folk vil ha mykje meir nynorsk frå fylkeskommunen, skriv Mållaget i ei pressemelding. – Det må fylket ta på alvor, seier Magne Aasbrenn, leiar i Mållaget. Denne helga har Mållaget vore samla til vinterseminar på Garborgsenteret på Bryne.