NRK Meny

Krev gransking av Lyse-selskap

Dei Grøne og SV i Stavanger krev gransking av Lyse sitt Smartly-selskap. Det skjer etter at selskapet tapte 191 millionar i fjor og også i år ser ut til å gå med eit større tap. Tapa i Smartly går ut over utbyttet til kommunen, som blei redusert med 39 mill for fjoråret. Partia krev at granskinga skal skje med eit eksternt revisjonsselskap.