– Store hol, sprekkar, sideterreng som ikkje er rydda, rasutsett, dårleg oversikt og utrygt.
Det er ord administrerande direktør i NAF, Stig Skjøstad, brukar om det 44.200 kilometer lange fylkesvegnettet her i landet.
Saman med Norges Lastebileigarforbund og Trygg Trafikk har NAF-sjefen vore med i ein jury som har plukka ut ti kandidatar til NRK si kåring av Norges verste veg. Seks av ti kandidatar er fylkesvegar.
Ifølge Sjøstad i NAF er det gjort mykje bra arbeid med riksvegane dei siste åra, men fylkesvegane har hamna i ei bakevje.
– Våre over 500.000 medlemmer blir veldig glade når det blir klippa snorer og opna nye vegar i Norge, men dei er aller mest opptatt av å halda ved like dei vegane me har.
– Enormt forfall
Det vil kosta om lag 45–75 milliardar kroner å gjera nødvendige oppgraderingar på fylkesvegnettet, viser ei kartlegging gjort av Statens vegvesen i 2013 (sjå faktaboks).
– Dei tala er mest sannsynleg betydeleg større i dag. Forfallet er enormt, meiner Sjøstad.
Han krev derfor ein ny rapport om standarden på fylkesvegane, slik at ein får ein oppdatert status for 2018.
– Etterslepet er hinsides
Også administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund, Geir A. Mo, har vore med i juryen til Norges verste veg-kåringa. Han kallar etterslepet på fylkesvegane som «hinsides» og seier tilstanden er «uhaldbar».
– Kor er det verst?
– På Vestlandet og i Nord-Norge er det mykje feil og manglar. Det er utruleg mykje å ta igjen rundt omkring. Me snakkar om fleire politikargenerasjonar med feilslått politikk og manglande ansvar, seier Mo.
Lastebileigarforbundet tar nå til orde for ein nasjonal vegdugnad, men meiner fylkeskommunane ikkje klarer dette med midlane dei har i dag.
– Det må lagast eit statleg program. Regjeringa laga Nye vegar AS, kanskje kan me laga Gamle vegar AS som tar seg av vedlikehaldet. Uansett må det ekstraordinære tiltak til, seier Mo.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Treng ikkje nye rapportar
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) er einig i at forfallet på vegane har auka i mange tiår, noko som også har blitt kritisert av Frp før dei kom i regjeringsposisjon.
– Derfor er eg glad for at når me styrer landet, har me auka løyvingane til vegformål så mykje at forfallet på riksvegane har gått ned fire år på rad. Me har også løyva meir til fylkesvegane enn det var lagt opp til i førre Nasjonale transportplan.
Ifølge statsråden er det ikkje behov for ein ny gjennomgang av fylkesvegane, slik NAF krev.
– Det viktigaste er at politikarane prioriterer pengar til vedlikehald. Å få rapportar som viser at det er etterslep på vegane, er ingen nyheit. Dagens regjering har meir enn dobla løyvingane til riksvegvedlikehald fordi det er ei viktig sak for oss.
Samferdselsministeren er heller ikkje særleg begeistra over forslaget om eit statleg program for vegvedlikehaldet etter modell av Nye vegar.
– Det handlar meir om politisk prioritering, ikkje så mykje om organisering.