Hopp til innhold

Krev felling av jerven som tok lamma på beite

Både rovviltnemnda på Vestlandet og suldalsbonden som har opplevd store sauetap til jerven, krev ekstraordinært uttak av det sjeldne rovdyret i Rogaland.

Olav Vetrhus

Olav Vetrhus er blant sauebøndene som krev ekstraordinært uttak av jerv i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka

– Nå må dei få fart på dette med ekstraordinært uttak av jerv, er den klare meldinga frå suldalsbonden Olav Vetrhus.

Sauebonden mista heile 57 lam og fire vaksne sauer sist beitesesong, og han meiner jerven tok dei fleste.

Og suldalsbonden er ikkje åleine om å oppleva store tapstal i saueflokken. Fylkesmannen i Rogaland fekk søknad om erstatning for 285 lam og sauer, drepne av jerv i grensetraktene Rogaland, Hordaland og Telemark, i 2016.

208 lam og sauer blei til slutt erstatta i Rogaland i fjor på grunn av antatt tap til jerv. Det er over dobbelt så mange som året før (82).

Drept sau
Foto: NRK

Ventar ekstraordinært uttak

Aleksander Øren Heen

Aleksander Heen er leiar for rovviltnemnda på Vestlandet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fram til onsdag denne veka (15. februar) har det vore vanleg lisensjakt på jerv, utan at nokon er tatt. Same dato gjekk skadefellingsløyvet på ein jerv i kommunane Suldal og Hjelmeland, gitt av Fylkesmannen, ut.

Nå må Miljødirektoratet gi grønt lys til eit ekstraordinært uttak dersom jerven skal bli tatt før kommande beitesesong. Rovviltnemnda er blant dei som forventar at det nå skjer.

– Dette har me spelt inn til direktoratet, og me har ei klar forventning til at det skjer i Rogaland denne vinteren. Det er viktig å få tatt ut desse dyra som gjer så stor skade og me kan ikkje ha dei gåande i beitesesongen, seier leiar for rovviltnemnda på Vestland, Aleksander Heen.

Prioritert område

Det er altså Miljødirektorat som overtar ansvaret for uttak av jerv etter at lisensfellingsperioden går ut 15. februar.

Dei skriv i ein e-post til NRK at dei er vel kjent med den omfattande skadesituasjonen på sau frå jerv i kommunane Suldal og Odda sist beitesesongen.

Vidare skriv dei at det ikkje er mål om å ha bestand av jerv i rovviltregion 1 på Vestlandet, kor Rogaland er omfatta.

– Dette området er difor prioritert av Miljødirektoratet for ekstraordinære uttak denne vinteren. Ekstraordinære uttak vert gjennomført av Statens naturoppsyn i tråd med instruks for det statlege fellingslaget ved uttak av vilt, skriv direktoratet i e-posten.