Hopp til innhold

Krev 4.8 mill i erstatning

Bård Eriksen frå Stavanger krev 4.8 millionar kroner i erstatning frå SAS Atlantic Hotell. - Eit heilt greitt krav, meinte seksjonsoverlege Stig Frøland i rettsaka i dag.

 

SAS Atlantic Hotell ved Breiavatnet i Stavanger

Bård Eriksen er ein av 28 personar, som vart smitta av legionellautbrotet i kjøletårnet på hotellet, sommaren 2001.

Stig Frøland, seksjonsoverlege ved Rikshospitalet, meiner at kravet på 4.8 millionar kroner er heilt greitt. Det sa han då han vitna i rettsaka mot SAS Atlantic Hotell i dag.

 

Frøland som har forska på legionærsjuka, viste mellom anna til at i Nederland er det påvist seinverknader i ei gruppe på 122 tidligere legionellaramma, heile to år etter at dei vart smitta.

 

 

Han seier dette viser at smitten kan gje kroniske seinskader og at det er truleg at kan vere tilfelle for Eriksen sin del.

Første rettsak

Bård Eriksen er det første legionella-offeret, som har fått saka si for retten etter utbrotet i Stavanger i 2001.

Eriksen er i dag 100 prosent utfør og meiner det er ein direkte følge av legionellasmitten han fekk i seg for snart seks år sidan.

Advokaten til SAS Atlantic Hotell avviser kravet.

Han krever 1,3 millioner kroner i erstatning for tapt arbeidsinntekt siden utbruddet og 3 millioner kroner i erstatning for fremtidig inntektstap. I tillegg krever han SAS Atlantic for 500.000 kroner for merutgifter. Alt i alt krever han 4,8 millioner kroner i erstatning.