Hopp til innhold

Kreftpasient tapte mot staten

Staten måtte betale éin million kroner etter at Rolf Iversen fekk kreftdiagnosen eitt år for seint. Men no er Pasientskadenemnda frikjent i lagmannsretten.

Rolf Iversen i Gulating lagmannsrett

Rolf Iversen tapte saka mot Pasientskadenemnda i lagmannsretten. Men trass tap i denne omgang, er Iversen motivert for å ta saka til høgsterett.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

I oktober 2017 fortalde NRK historia om Rolf Iversen. Etter å ha fått leverkreft-diagnosen eitt år for seint, og kun tilbod om lindrande behandling i Noreg, vart den tidlegare kreftpasienten oppgitt. Han drog derfor til Tyskland for alternativ behandling – og vart frisk.

Stavanger tingrett gav Iversen medhald i erstatning for ein del av utgiftene, i november 2017. Staten vart dømd til å betale éin million kroner, men anka fordi dei meinte behandlinga i utlandet var eksperimentell.

No er dommen frå ankesaka klar: Staten er frikjend av Gulating lagmannsrett.

Vurderer Høgsterett

– Det er utruleg skuffande og trist at det gjekk denne vegen – ikkje berre for meg, seier Iversen til NRK.

– No får ein eit signal om at dei som har pengar kan blir friske i utlandet, men dei utan råd må ta til takke utan behandling her heime, held han fram.

Rolf Iversen

Rolf Iversen og advokat Asserson i Stavanger tingrett.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Iversen og advokat Christian Thrane Asserson skal først møtast neste veke. Men den tidlegare kreftpasienten er motivert til å halde fram saka.

– Spørsmålet er berre korleis eg skal klare det økonomisk. Men eg har ikkje lyst til å gje meg, seier han.

– Prinsipiell sak

Iversens advokat, Christian Thrane Asserson, viser til at det finst få dommar som tek stilling til å dekke behandlingsutgifter i utlandet.

– Derfor er denne saka prinsipiell innanfor erstatningsretten, seier han.

Christian Thrane Asserson

Christian Thrane Asserson i Advokatfirma Bull Årstad.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Staten ved Pasientskadenemnda meiner behandlinga Iversen valde i Tyskland ikkje var medisinsk relevant.

Gulating lagmannsrett erkjenner i at Iversen vart diagnostisert og behandla for seint for kreft i levra. Han får òg medhald i at behandlinga i Tyskland hadde livreddande effekt.

Lagmannsretten har lagt til grunn at effekten av behandlinga ikkje skal ha noko å seie for om utgiftene kan erstattast.

– Dette er me ueinige i, seier advokat Asserson.

Når Asserson møter sin klient neste veke, skal dei vurdere om det er grunnlag for å anke til Høgsterett.

– Saka er av ein slik karakter at den kanskje burde det. No skal me gå grundig gjennom dommen frå lagmannsretten for å sjå på om me skal ta saka vidare, seier han.

Pasientskadenemnda seier til NRK at dei må vente til dommen er rettskraftig, etter ankefristen, med å kommentere saka. «Men me registrerer at det er våre syn som ligg til grunn for avgjerda», uttalar dei.