Hopp til innhold

Kreftfrykt i Vats

Dei som bur på Stokkafeltet i Vats er redde for å få kreft når opphoggingen av oljeinstallasjonane frå Nordsjøen byrjar for fullt i Vatsfjorden til neste år.

Flere og flere får kreft, flest er menn.

Vatsbuar fryktar å måtte dra hit

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Innbyggjarane i Stokkafeltet i Vats har derfor sendt ei bekymringmelding til Kreftregisteret og bede om hjelp for å kartlegge kreftfaren.

- Opphogginga av oljeinstallasjonar skal fortsetje i 10-20-30 år framover. Visst det då blir fleire krefttilfelle enn i dag, så vil me gjerne ha det bevist gjennom kreftregisteret, seier Vivi Anne Frøland frå Stokkafeltet.

Er uroa av rapport

- Me har fått ein rapport laga av oljeselskapet Conoco Phillips, som byggjer på deira erfaring frå riving av Ekofiskveggen i Nordsjøen. Den viser at massevis av folk har blitt sjuke, både av kreft og alt muligt, og det gjer at me har blitt bekymra, seier Frøland.

Kreftregisteret tar saka på alvor

- Bekymringsmeldinga er overbevisande. Me forstår at folk i området er bekymra, seier direktør Frøydis Landmark i Kreftregisteret.

Frøydis Landmark, direktør Kreftregisteret

Frøydis Landmark, direktør Kreftregisteret

Foto: Frank Stensli / NRK

Kartlegger krefttilfelle nå

Kreftregisteret skal nå klarleggje kva som er forekomsten av krefttilfelle i området, før opphogginga byrjar for fullt.

- Dermed har me eit grunnlag, for det er vanskeleg å påvise om det verkeleg blir ei auke av krefttilfelle, seier Landmark. Ho seier at det også er vanskeleg å påvise om ein eventuell auke i krefttilfelle, faktisk skuldast gift i miljøet.

Men de tar dette på alvor?

- Ja, her er det påviseleg stoffer som er miljøskadelege, og kanskje også helseskadelege, seier direktør Frøydis Landmark i kreftregisteret.

Kommunen gav løyve

I går fekk selskapet AF Decom Offshore bekjed frå Vindafjord kommune om at alle løyve nå var på plass for å setje i gang med utbygginga av mottaksanlegget i Vatsfjorden.

- Det at me nå har desse løyva på plass er svært viktig for planane våre om å bygge Europas mest moderne og sikraste anlegg for resirkulering og gjenvinning av utrangerte offshoreinstallasjoner, seier Arne Skogheim, plassjef ved Vats Mottaksanlegg.

Rett over helga byrjar utbyggingsprosessen og i tillegg vil Skogheim kalla inn naboane til eit informasjonsmøte, der planane blir gått gjennom.

Mykje kritikk

Både miljøvernarar og naboar har i lengre tid protestert mot AF Decom Offshore sitt arbeid i Vatsfjorden. Også Raunes Fiskefarm, som driv med torskeoppdrett, fryktar konsekvensene når utbygginga og sprenginga nå skal byrja i fjorden.