Hopp til innhold

Ny video syner sekunda før fleire tusen tonn deisar i sjøen

Kranskipet med 275 personar om bord gjorde eit planlagt prøveløft med last over maksgrensa for å teste utstyret. So rauk vaieren.

Video frå overvakingskamera syner augneblinken då lekteren datt. Ein kan sjå vaierane som rauk kome etter. Etter fallet førte ballasten på andre sida til at kranskipet fekk slagside.

Skjærtorsdag small det som eit lyn på Åmøyfjorden nord for Stavanger.

Eit 200 meter langt kranskip med 275 personar om bord fekk slagside etter ei ulukke.

Kranskipet Saipem 7000, som er ein av verdas største av sitt slag, har nyleg blitt undersøkt av Sjøfartsdirektoratet.

Les også Melding om kraftige smell på kranskip ved Stavanger – alle gjort rede for

Planlagt tungt løft

Kranskipet held for tida på med eit havvindprosjekt i Skottland, men var komen til Noreg for vedlikehald og krantest.

Planen var å løfte meir enn makslasta for kranene – for å teste utstyret. Dette er noko skipet gjer kvart femte år, ifølgje selskapet Saipem, som eig skipet.

Ein vaier rauk under løftet. Prøvelasta, som var to lekterar, samt vaierar og deira fester vart slept i vatnet.

Etter uhellet, tippa kranskipet motsett veg. Der låg nemleg 8000 tonn ballastvatn. Det var dette som fekk skipet til å krenge.

Ingen vart skadd i ulukka, meldte Saipem sjølv i ei pressemelding dagen etter ulukka.

Kranskip på nært hold

Saipem 7000 etter ulukka. Skipet hadde retta seg mykje opp, men til høgre kan ein sjå lekterane som flyt. Det var desse som fall frå kranene.

Foto: Torkel Schibevaag / NRK

Fleire pålegg etter tilsyn

Sjøfartsdirektoratet har hatt tilsyn om bord på kranskipet etter ulukka.

Dei er tilsynsmyndigheit for tryggleik for sjøfolk og miljø for utanlandske fartøy i Noreg. Saipem 7000 er nemleg eit multinasjonalt italiensk selskap. Kranskipet er flagga i Bahamas.

– Vi går om bord fordi det har vore ei hending, men vi følgjer ikkje opp hendinga, for å sei det slik. Det er det flaggstaten som gjer, seier Marit Nilsen, kommunikasjonsrådgjevar i Sjøfartsdirektoratet.

Etter tilsynet gav dei fleire pålegg til ting som måtte betrast om bord, men ingenting hadde med ulukka skjærtorsdag å gjere.

Eitt pålegg handla om at ei vasstett dør ikkje var so vasstett som den burde. To andre handla om at ei branndør og eit brannspjeld ikkje gjekk skikkeleg att.

– Det har ikkje vore noko problem å kome om bord, og vi har fått gjort dei undersøkingane vi skal gjere, seier Nilsen.

Vaier på Siepem 7000

Avbrotne vaierar hang ei stund under kranene til Saipem 7000 like etter ulukka.

Foto: Torkel Schibevaag / NRK

Havarikommisjonen klar for å hjelpe

Når eit skip er flagga i eit anna land, har ikkje den norske havarikommisjonen nokon praksis for å undersøke ulukker om bord, i alle fall ikkje i utgangspunktet.

– Vi har informert havarikommisjonen i Bahamas, men har enno ikkje motteke melding om dei vil undersøkje saka, skriv Dag Liseth i ein SMS til NRK.

Han er avdelingsdirektør ved Statens havarikommisjon for sjøfart.

– Om dei set i gang ei undersøking vil vi hjelpe etter behov, skriv Liseth.

Dag Liseth, Statens havarikommisjon

Dag Liseth er avdelingsdirektør ved Statens havarikommisjon for sjøfart.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Saipem 7000 ligg no inne ved land ved Mekjarvik. Selskapet Saipem har ikkje svart NRK på førespurnadar om kommentar.