Avinor vil at drosjane må betala 30 kroner kvar gong dei skal henta ein passasjer på flyplassen på Sola og i Bergen. For å unngå trafikkaoset inne på flyplassen, skal drosjene bli leda inn i eit drosjedepot med bomavgift, og så venta på grønt lys før dei får plukka opp passasjerar.
– EI BETRE OPPLEVING: Det trur Elisabeth Strømstad i Avinor at det blir.
Foto: Erik Waage / NRK– Med desse grepa vil det bli ei betre oppleving for passasjerane, med kortare ventetid og eit betre system for å få drosje, seier Elisabeth Strømstad, kommersiell sjef i Avinor Sola.
Drosjesjåførane skal også få det betre, då Avinor vil leggja til rette for dei med bønnerom, pauserom og toalett.
Passasjerane må betala
Men dei 30 kronene som dette skal kosta blir truleg lagt på dei reisande.
– Til sjuande og sist vil nok avgifta bli lagt på passasjerane, seier Strømstad.
SKEPTISK: Ole Henrik Olsen i Drosjeforbundet.
Foto: Erik Waage / NRKMen det å betala 30 kroner for å plukka opp passasjerar er ikkje drosjenæringa så lysten på.
– Dette er ei avgift på kollektivtransport som me ikkje ønskjer. Det er eit dårleg prinsipp som Avinor prøver å innføra, seier Ole Henrik Olsen, leiar i Norges Drosjeforbund Rogaland.
Etter svensk modell
– DET ER NAUDSYNT: Meiner Øystein Høsteland Sundby i Avinor.
Foto: Erik Waage / NRKOgså på Bergen lufthamn Flesland kjem det nye systemet, og det er allereie i bruk på Arlanda i Stockholm.
– Dei er nøgde med prosjektet i Sverige, og dei har fått god struktur på drosjane inn og ut av flyplassen, seier Øystein Høsteland Sundby, parkerings- og trafikkansvarleg i Avinor.
– Og det trengst også her på Sola?
– Ja, og også på andre flyplassar.
Men drosjenæringa vil ta saka opp med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)
– Me har bedt om eit møte med samferdsleministeren, som er medeigar i Avinor, og me vil snakka med han om bompengar på kollektivtrafikken på Sola, seier Olsen i Drosjeforbundet.