Hopp til innhold

Kranbilvelt i Haugesund

Midt i eit bustadfelt på Norheim i Haugesund, velta ein stor kranbil, måndag føremiddag.

Kranbilvelt i Haugesund

Kranbilen velta berre nokre få meter frå næraste hus

Foto: Kjell Bua / Blink Foto

Kranbilen velta berre nokre få meter frå næraste hus. Uhellet skjedde i Norheimstølen i Karmøy kommune, fortel politiet på Twitter.

Årsaka til uhellet var at ein av støttelabbane på bilen sokk ned i bakken og det førte til velten.

Ingen personar kom til skade, sjølv om det såg alvorleg ut.