NRK Meny

Fryktar unik natur skal gå tapt på grunn av kraftutbygging

Sandvassjuvet i heia mellom Årdal og Lysefjorden er Norges nest lengste jøtulhogg, ifølgje grunneigar og naturentusiast Arent Greve. Nå fryktar han for kva som kan skje, dersom NVE seier ja til kraftutbygging av Sandvatnet.

Sandvassjuvet sett i retning mot Sandvatnet i Hjelmeland kommune

Mellom 90 og 95 % av vatnet i elva ned i Sandvassjuvet kan forsvinne til kraftproduksjon.

– Den er ikkje særleg høg denne fossen men den er veldig vakker, seier 72 år gamle Arent Greve.

Han har vandra i området ved Sandvatnet, oppe på heia mellom Årdal og Lysefjorden, sidan 50-talet. Alt som 10-12-åring overnatta han saman med ein kamerat her oppe og ennå er han like begeistra for naturen.

Arent Heinrich Greve kikkar ned i starten på Sandvassjuvet.

Arent Heinrich Greve kikkar ned i starten på Sandvassjuvet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Du ser at fossen frå Sandvatnet kjem ned her, og så forsvinn elva inn i juvet. Det er eit sjeldan vakkert syn, slår Greve fast.

Slutt på idyllen

Nå har Arent Greve fått meir å tenkje på enn å nyte naturen. Søknaden frå Clemens Kraft om å få byggje ut Sandvatnet, saman med elvane frå Viglesdalsvatnet og frå Lyngsvatnet i Årdal-området, har fått fart i protest-genet hans.

Arent Greve kryssar Sandvassåna der juvet tar slutt.

Arent Greve kryssar Sandvassåna der juvet tar slutt.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Heile kraftverket her ved Sandvatnet produserer nok straum til berre 700 husstandar, slår han fast.

Han irriterer seg over at utbyggjar Clemens Kraft brukar argumentet om at slike kraftverk vil føre til meir eksport av rein kraft til Europa.

– Dersom du ser på heile Norges eksport, så er det 0.04 % av forbruket av elektrisk kraft i Europa. Du reddar ikkje Europa frå fossilt brensel på den måten, seier Greve.

Børge Edvardsen Klingan, administrerande direktør i Clemens Kraft, svarar at alle deira kraftutbyggingar skal skje skånsamt i terrenget og at inngrep skal minimaliserast.

– I tillegg til å gi eit bidrag til det grøne skiftet gir utbygging av småkraft også arbeidsplassar, inntekter til kommunane og fall-leige til grunneigarane, seier Edvardsen Klingan.

Jøtulhogget i Årdal

– Sandvassjuvet er eit resultat av eit såkalla jøtullaup, som skjedde på slutten på istida, fortel Greve.

Sandvassåna renn gjennom det 850 meter lange juvet, som blei forma av eit jøtullaup i istida.

Sandvassåna renn gjennom det 850 meter lange juvet, som blei forma av eit jøtullaup i istida.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Då låg det truleg ein stor innsjø oppå isen, med fleire kubikk-kilometer med vatn. Til slutt smelta isen så mykje at vatnet kom ned på bakken og isen blei løfta opp. Resultatet blei ein enorm foss som spylte seg rett gjennom fjellet i ei 850 meter lang renne.

– Heile dette juvet, som er opptil 80 meter djupt og mellom 10 og 40 meter breitt, kan ha blitt sprengt ut i løpet av eitt døgn, seier Greve.

– Men jøtulhogget blir jo det same om elva blir brukt til å produsera elektrisk kraft?

– Ja, men berre med 5–10 % av vatnet. Då vil juvet tørke ut og du ser ikkje noko av elva i det heile tatt. Fisken forsvinn, og elva gir jo også ein fukt som gjer at det spesielle plantelivet kan fortsetja å veksa her, seier Greve.

Det er eit heilt spesielt mikroklima nede i Sandvassjuvet.

Det er eit heilt spesielt mikroklima med eit spennande plantemangfald nede i Sandvassjuvet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dilemmaet mellom vern og kraft

Arent Greve meiner han har gode argument, men er langt frå sikker på at han når fram hos Norges vassdrag- og energidirektorat, (NVE).

Det blir stadfesta av Øystein Grundt, seksjonsleiar for småkraft i NVE. Det er i først til hausten dei skal ta ei avgjerd, men den siste tida har dei sagt ja til om lag halvparten av søknadane om mindre kraftutbyggingar i Norge.

– Det har vore politisk ønske i lang tid om å få fram ny grøn energi frå småkraftverk, og Norge har plikta seg internasjonalt til at fornybar skal utgjera minst 67.5 % av totalforbruket av energi, seier Gundt.