Hopp til innhold

Kraftig røyk frå gjenvinningsanlegg

Det blei fredag kveld meldt om kraftig røyk frå eit reinseanlegg på Mekjarvik.

Mekjarvik

Klokka 20.50 fekk politiet melding om kraftig røyk ved IVAR sitt avløpsanlegg på Mekjarvik i Randaberg kommune.

– Det har gått varmgang i ein sylinder som tørkar kloakkavfall til pellets, sa vaktleiar ved Brannvesenet Sør-Rogaland, Kjetil Vier.

Det var snakk om store mengder røyk, men ingen personar blei skadd, stadfestar politiet seint fredag kveld.

Det blei ikkje snakk om å evakuera naboar, men folk blei bedne om å halda dører og vindauge lukka.

– Det blir litt arbeid å sløkka, for me må riva litt for å koma til, sa Vier fredag kveld.

IVAR er eit interkommunalt selskap som handsamar vatn, avløp og renovasjon på Jæren, Nord-Jæren og delar av Ryfylke.