Kraftig nedgang i utanlandstrafikken

I fjor mista Stavanger lufthamn Sola fleire utanlandsruter. Det er delar av forklaring på kvifor utanlandstrafikken gjekk ned med heile 14 prosent på eitt år.

Lufthansa-fly på Stavanger lufthavn Sola

I oktober i fjor la Lufthansa ned ruta mellom Stavanger og Frankfurt. Det er delar av forklaring på kvifor trafikken går ned.

Foto: Anders Fehn/NRK

– Trenden frå slutten av 2015 held fram. Me har ein kraftig nedgang i utanlandstrafikken og ein moderat nedgang på innland, seier lufthamndirektør ved Stavanger lufthamn Sola, Leif anker Lorentzen.

Mista utanlandsruter

Innanlandstrafikken gjekk ned med mellom 2 og 3 prosent, medan utanlandstrafikken gjekk ned med heile 14 prosent samanlikna med januar i fjor.

I slutten av oktober mista Stavanger lufthamn utanlandsruter til Paris, Frankfurt og Houston. Lufthamndirektøren meiner det er delar av forklaring på kvifor utanlandstrafikken har gått såpass mykje ned, men det er langt ifrå heile.

– I tillegg er det ein generell nedgang i trafikken i regionen, grunna det som skjer innanfor olje og gass, seier Lorentzen.

Håpar botnen er nådd

For situasjonen i olje- og gassnæringa har store konsekvensar for flytrafikken til og frå Sola.

– Det som skjer på Sola framover kjem til å vera ei spegling av det som skjer elles i regionen, men me har kanskje ei kjensle av at me er nær botnen no, seier Lorentzen.

For han ser også lyspunkt.

– Sjølv om me har ein reduksjon i trafikken, så opplev me også at det er flyselskap som er interesserte i å starte opp nye utanlandsruter frå Sola. Så dette kan fort snu i løpet av 2016.