Hopp til innhold

Kraftig nedbør i vente på Vestlandet

Det er sendt ut Obs-varsel om kraftige nedbørsmengder i Rogaland og Hordaland i helga. Men hald ut; over helga blir det meldt sommartemperaturar igjen.

Vind, regn og paraply i Stavanger

Lokalt kan det komma 40 til 60 millimeter nedbør på tolv timar, ifølge Meteorologisk institutt.

Foto: Erik Waage/NRK

Meteorologisk institutt har sendt ut Obs-varsel for både Rogaland og Hordaland.

Laurdag og natt til søndag er det venta lokalt mykje nedbør sør for Hardangerfjorden, 40–60 millimeter på 12 timar, står det i Obs-varselet.

– Mesteparten av nedbøren kjem frå klokka 18 laurdag kveld til klokka 6 søndag morgon, fortel vakthavande meteorolog ved Vèrvarslinga på Vestlandet, Steinar Skare.

Meteorologen fortel at ein front nå stoppar opp over Vestlandet, noko som gir mykje nedbør.

Søndag og måndag er det venta betre ver – før det blir skikkelege sommartemperaturar igjen i Rogaland og Hordaland.

– Frå tysdag til torsdag blir det temperaturar godt over 20 grader ein del stader. Det blir også høge nattetemperaturar, fortel Skare.

Men sommardagane i september ser ikkje ut til å vara særleg lenge. Neste helg er det nemleg venta nedbør igjen.