Kraftig auke av Covid-pasientar

Seks pasientar er innlagde med covid-19 på Stavanger universitetssjukehus siste døgn. Det er det høgaste talet på eit døgn, seier beredskapssjef Elisabeth Hage Jacobsen. Totalt er no 16 pasientar innlagde med covid-19. Sjukehuset ventar fleire.