Hopp til innhold

Køyrde moped inn på sjukehus etter politiavhøyr – prøvde å rana apoteket

Ein mann i byrjinga av 50-åra køyrde i dag moped inn på Haugesund sjukehus. Etter eit mislukka ransforsøk av sjukehusapoteket køyrde han ut at.

Haugesund sjukehus

Ingen skal ha kome til skade då ein mann køyrde inn på sjukehuset i Haugesund med ein moped torsdag ettermiddag. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Therese Espeland / NRK

Politiet i Haugesund har i ettermiddag teke ein mann, som i løpet av dagen har vore ein svært aktiv kriminell.

Ville ha finnarløn for stolen moped

Det heile byrja med at mannen i 50-åra stal ein moped. Denne mopeden tok han med seg til politiet i tolvtida i dag.

Han ville at politiet skulle levera den tilbake til sin rettsmessige eigar, og sjølv ville han ha finnarløn for å levera den.

Politiet fatta mistanke og spurde mannen ut, etter ei stund innrømma han at det var han som hadde teke mopeden.

Køyrde inn på sjukehusapotek

Mannen blei etter avhøyr slept fri, og etter ei lita stund fekk operasjonsleiaren i Haugaland- og Sunnhordland inn ei ny melding.

– Klokka 13.22 køyrde ein mann med moped inn på Haugesund sjukehus, og vidare inn på sjukehusapoteket. Der opplevde dei tilsette at han prøvde å rana dei, men han køyrde ut att utan å få med seg noko, fortel operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan.

Ingen personar skal ha kome til skade trass galmannskøyringa inne på sjukehuset.

Teken utan dramatikk

Politiet rykka mannesterke ut, og på grunn av vitne som hadde fått med seg registreringsnummeret på mopeden oppsøkte dei ei adresse i Haugesund sentrum.

Væpna politi bad mannen om å koma ut frå leilegheita si, noko han gjorde.

– Han blei teken klokka 14.06 utan dramatikk. Me har sikra oss blodprøvar av han, med tanke på ruskøyring, og nå sit han i arresten, seier Utne-Reitan.

Politiet driv framleis med vitneavhøyr og har fleire tenestemenn som jobbar med etterforsking, legg han til. Det er ikkje kjent om han hadde med seg våpen inn på apoteket.

Mannen er ein kjenning av politiet, men har ikkje vore involvert i liknande saker tidlegare.