Hopp til innhold

Køyrde forbi kontrollposten

Tre vogntogsjåførar blei melde til politiet og ni vogntog fekk køyreforbod, etter ein tungbilkontroll på E39 på Krossmoen i Eigersund i går kveld. Ein av dei som blei melde til politiet køyrde utan å måle køyre og kviletida. To andre sjåførar stoppa ikkje då dei først blei vinka inn til kontroll.