NRK Meny

Køyrde 78 km/t i 40-sone

Ein mann frå Stavanger i 20-åra mistar førarkortet i eit halvt år etter at han køyrde motorsykkel i 78 kilometer i timen i ei 40-sone på Jæren. Han er også dømt til 15 dagar i fengsel på vilkår, må betale 11.000 kroner i bot og må køyre opp på nytt for å få førarkortet tilbake. I retten sa mannen at han treng å ha førarkortet for å bruke bil i jobben, men det vart ikkje teke omsyn til.