Hopp til innhold

Drosjetur for ein hundrelapp for dei over 65 år: – Det betyr mykje å ikkje vere til bry for andre

Frå nyttår sponsar heimkommunen drosjen til 84 år gamle Jorunn Johanne Sørestad. Men eldreombodet trur eigendelen kan bli for høg for mange.

Jorunn Johanne Sørestad kikker ut av kjøkkenvinduet sitt på Randøy i Hjelmeland kommune

Jorunn Johanne Sørestad kikkar ut av kjøkkenvindauget. Ho gler seg til å komme seg meir ut etter nyttår.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

– Å reise med drosje ein veg for 100 kroner er så billig at det ikkje kan vere billigare. Berre det at du kan ringe og vite at du ikkje er til bry for nokon andre, seier Jorunn Johanne Sørestad fornøgd.

Ho bur på Randøy i Hjelmeland kommune. Ei øy med fastlandssamband, men utan busstilbod.

Skal ho nokon stad, køyrer ho skuter til nærbutikken på sommaren. På vinteren må ho få hjelp av familie og venner same kvar ho skal.

Jorunn Johanne Sørestad

Jorunn Johanne Sørestad heime i stova på Randøy.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

– Det er ingen som seier nei når eg spør, men det kan likevel vere vanskeleg å spørje. For eg føler at eg går innpå nokon då.

Men frå nyttår kjem eit nytt tilbod for alle over 65 år. For 100 kroner ein veg kan Jorunn Johanne Sørestad køyre så langt ho vil internt i kommunen med drosje. Kommunen tek resten av rekninga.

Ordfører i Hjelmeland Anita Riskedal

Anita Riskedal, ordførar i Hjelmeland.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

– Vi ønsker at alle som bur i kommunen skal ha like høve til å komme seg ut utan å vere avhengig av å spørje om hjelp eller betale i dyre dommar, seier ordførar i Hjelmeland, Anita Riskedal.

Fekk ideen etter ein telefonsamtale

Det var ein av innbyggjarane som gav Riskedal ideen om ein seniortaxi i kommunen.

– Det starta med at eg blei ringd opp av ei dame som visste at ho snart måtte parkere bilen for godt. Ho var ganske frustrert, for ho visste ho ville bli ganske isolert.

I kommunen finst det også ein ungdomstaxi. Ungdom mellom 13 og 18 år kan bestille taxi for 50 kroner ein veg. Den blei utgangspunktet for tilbodet til seniorane.

Men det er ikkje for alle. Kravet er at brukarane må vere over 65 år, og ikkje ha moglegheita for å køyre sjølv eller bli køyrt av ein annan i husstanden.

– Dei må ikkje vere utan førarkort, men av ein eller annan grunn ikkje kunne køyre. Til dømes viss det er vanskeleg når det er mørkt ute.

– Det ser ut til å vere basert på tillit?

– Ja. Eg stoler på innbyggjarane mine.

Kan vere for dyrt

I første omgang set kommunen av 200.000 kroner. Så skal ordninga evaluerast til sommaren.

Drosje i Årdal i Hjelmeland kommune

Det er stort sett berre i helgane at drosjane som er stasjonerte i Årdal i Hjelmeland kommune blir ringd av folk som treng skyss.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Eg trur ikkje mange kjem til å nytte seg av tilbodet, seier drosjesjåfør Aud Ullestad.

– Kvifor ikkje?

– Det er for dyrt med 100 kroner ein veg. Skal du begge vegar, blir det 200 kroner. Hadde det kosta 50 kroner som ungdomstaxien, så kanskje.

Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen har ikkje høyrt om kommunar utanom Hjelmeland som har innført seniortaxi etter same modell som ungdomstaxi.

Foto: Svein Arne Orvik / Eldreombudet

Eldreombod Bente Lund Jacobsen rosar tilbodet frå Hjelmeland. Men ho trur til liks med Ullestad at 100 kroner kan vere for mykje.

– Tiltaket og tanken er veldig god. Men det kan vere at 100 kroner er i meste laget. Eg håpar kommunen kan lande på det same som ungdomskortet, 50 kroner.

Det er ikkje mange som tek drosje i kommunen, ifølgje drosjesjåfør Ullestad. Sjølv køyrer ho stort sett skuleskyss.

– Eg veit ikkje kvifor ikkje folk her bruker drosje. Folk hjelper kvarandre og eldre personar er ikkje vant med å bruke pengar på drosje. Det er kanskje grunnen.

Framtidig passasjer Jorunn Johanne Sørestad trur Ullestad tek feil.

– Eg trur mange er interesserte i dette. Eg har allereie tenkt kvar eg har lyst å reise med drosje. Det hadde vore fint å dra på besøk eller på butikkar inne på Hjelmeland.