Desse tolv egga kostar 30 kroner.
Når du kjøper dei frå dette kjøleskåpet.
I nettbutikken til Meny er prisen 80 kroner.
Eller: 166 prosent dyrare.

Kortreiste kupp

Treng du ei gulrot for å handla lokalt?

Du trudde kanskje at ein agurk var ein agurk?

Men mange når aldri dei store butikkane.

For eksempel desse, med krøll og kul frisyre.

«Dei blir fjerna frå agurkplanten for å gi meir kraft til dei store agurkane.»

Kristian Taraldsvik, Skjæveland gardsutsalg

Før blei dei kasta.

Nå blir dei selde her på Skjæveland gardsutsalg, til 19 kroner per kilo.

Ein agurk på Rema 1000 kostar 24,80 per stykk.

Den NRK kjøpte var på 300 gram.

Kiloprisen blir dermed 82 kroner.

Eller: 330 prosent dyrare enn dei vesle agurkane på Skjæveland.

Ei som har fått med seg dette, er bussjåfør Mirela Fusa.

«Eg et mykje agurk når eg køyrer buss. Det er veldig billig, og så smakar det godt som snack.»

Mirela Fusa

Men det er ikkje berre agurkar og vaktelegg som er billege når ein handlar frå gardsutsal langs vegen.

Ei reise gjennom matfatet Jæren syner at det kan vera mykje å spara på den kortast reiste maten.

Her ligg utsal frå gardar og drivhus tett i tett.

Nokre store.

Og nokre veldig små.

Utanfor butikken til bonde Nils Terje Aarsland på Varhaug leikar barnebarna på gardsplassen.

Og kalvane har nett kome til verda.

Inne i butikken har han mat som han sjølv har produsert. Eller som han tar inn frå bønder og gartnarar i nærområdet.

«For oss er salet ei god attåtnæring. Det gjer at me kan leva av gardsdrifta.»

Nils Terje Aarsland, bonde

Trass dette er ikkje prisane stive i den sjølvbetente butikken.

Ein sekk med Kerrs Pink-poteter har til dømes ein kilopris på 14 kroner.

På Rema 1000 er kiloprisen på same potetsort 22,72 kroner.

Inne i denne bua er skilnaden endå større.

Mandelpoteter, som på Rema 1000 kostar 31,2 kroner per kilo, kostar her 10 kroner for eitt kilo.

Heile Jæren er full av bønder som sel eigenproduserte «jordeple».

Og dagen NRK sjekkar, slår bøndene dei store matvaregigantane på potetpris.

Skjævelands gardsutsalg er ikkje noko unntak. Kristoffer Milczarek i gang med pakking av potetsekkar, som skal ut i butikken.

Men her plasserer dei ikkje berre potetene i butikkhyllene.

I kjøkkenet bak butikken lager Pai Jonassen potetlefser.

Dei merker godt at kundar vil ha kortreist mat. Både råvarer og ferdigprodukt.

«2022 var eit rekordår for oss. Så langt i år ligg me 22 prosent over det igjen.»

Kristian Taraldsvik, driftsansvarleg

Ifølgje Taraldsvik er kundane opptatt av låge prisar, kortreist mat og kvalitet.

«Salet av gulrøter eksploderte for eksempel då NRK hadde ei sak om at Tine selde gulrøter frå Portugal.»

Kristian Taraldsvik

På garden har dei 7500 høner og stor produksjon av grønsaker.

I tillegg til at dei får levert mat frå ei rekke lokale forhandlarar, som Joanna Christensen som driv bakeri i Stavanger.

Kjøper ein lauk her, kan ein gjera eit skikkeleg kortreist kupp.

Kiloprisen for gul lauk i sekk er 11,80 kroner.

Kjøper ein topakningar med gul lauk her, er prisen 33,37 per kilo. Altså nesten tre gonger så mykje.

Den raude lauken kosta 17 kroner per kilo, mot 37,25 på Rema 1000 same dag.

Men på enkelte varer i grønsakdisken er det nestsjef for Rema 1000 Grannes, Ole Christian Johnsen, som vinn priskrigen.

Rosenkål frå Storbritannia kostar 49,75 kroner på Rema 1000.

Mot 82 kroner kiloet for dei norske på Skjæveland gardsutsal.

Det var heller ingen gardsutsal som slo Rema 1000 på eggprisar dagen då samanlikninga blei gjort. Rema 1000 tok 2 kroner per egg.

Medan dei kosta 2,03 i dette kjøleskåpet på Nærbø.

Tilbake til agurkane.

Her hos Smaken av landet er dei utselde.

For prisen på dei normale agurkane er også langt lågare på gardsutsala.

Og sjølv om desse ser heilt fine ut, er dei såkalla «andre klasse».

Derfor kostar dei berre 10 kroner her på Wiig gartneri i Klepp kommune.

At han er andre klasse betyr ingenting for Inger Lise, som er kokk. Ho liker å handla direkte frå produsenten.

Men også hos produsentane må av og til prisane justerast.

«10 kroner er ein pris som ikkje er justert sidan i fjor, så agurkane må nok justerast litt opp nå.»

Kåre Wiig, styremedlem, Wiig gartneri

Men enn så lenge blir ikkje prisane på vaktelegga på Bryne justert.

«Eg kunne nok tatt ein langt høgare pris. Men så lenge butikken går rundt, ser eg ikkje poenget.»

Sindre Tjemsland, gartnar og eggprodusent

fotojournalist

Mathias Oppedal
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal