Hopp til innhold

Blir ikkje kvitt korridorpasientane

Stavanger universitetssjukehus har fortsatt flest pasientar på gangen i landet, og den lange juleferien ga enda fleire. Mange utskrivingsklare pasientar ligg enno på sjukehuset, fleire av dei i korridorane.

Korridorpasient

(Illustrasjonsbilete) Sjukehuset i Stavanger har flest korridorpasientar i landet. No er korridorane igjen fylt opp.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Så mange korridorpasientar er ei stor utfordring for oss å løyse. Det er vanskeleg å drive så intenst som me vanlegvis gjer, fortel direktør for medisinsk divisjon på Stavanger universitetssjukehus (SUS), Svein Skeie.

Kvar dag i jule- og nyttårsferien vart mellom 20 og 30 utskrivingsklare pasientar liggande fordi kommunane ikkje hadde kapasitet til å ta imot dei.

No ligg det pasientar i dei fleste korridorane på dei medisinske avdelingane på SUS.

Direktør for medisinsk divisjon på SUS, Svein Skeie

Direktør for medisinsk divisjon på SUS, Svein Skeie, er uroa over det store talet på korridorpasientar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Flest korridorpasientar i landet

Sjukehuset har framleis flest korridorpasientar i landet trass i ambisiøse mål om å avvikla bruken av korridorsenger.

– Det kjem fleire pasientar per dag enn me klarer å skrive ut. Det handlar om pasientens tilstand, men også om det kommunale tilbodet som ikkje alltid står klart for pasienten, seier Skeie.

Kommunane skal ifølgje samhandlingsreforma ta imot pasientane sine same dag som dei er utskrivingsklare. Klarer dei ikkje det vankar dagbøter på 4255 kroner.

– 20–30 utskrivingsklare pasientar fyller ei heil sengepost som me eigentleg ikkje har. Det får konsekvensar for drifta, og er ei urimeleg belastning for pasientane, seier Skeie.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

SUS må, som alle andre sjukehus i Norge, fjerne korridorpasientane. Det har Helsedepartementet bestemt.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Stavanger vil bli bedre

Frå januar til november i fjor, betalte Stavanger kommune 4,8 millionar kroner for å la ferdigbehandla pasientar bli liggande på sjukehuset. Det gir eit snitt på 3,4 pasientar per døgn, og er litt fleire enn året før.

Eli Karin Fosse

Eli Karin Fosse er levekårssjef i Stavanger kommune.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Med stort trykk på sjukehuset i jula er det også eit stort trykk kommunanes tilbod til dei ferdigbehandla. Det kan gi noko meir etterslep enn ønskeleg. Men me trur at me gjennom året klarer å halde nokolunde unna for dei som skal takast imot, seier levekårssjef i Stavanger kommune, Eli Karin Fosse.

– Me må sjå på vårt apparat om det er noko me kan gjera for å klare å ta imot fleire utskrivne pasientar, seier Fosse.

– Sjukehuset har også eit ansvar

Og sjukehuset må også gjera endringar for å unngå å plassere pasientar i korridorane, innrømmer Skeie.

– Me har også mykje å gjera, og ser nøye på sjansane for å utvide talet på senger, slik at me kan fordela pasientane i skikkelege rom og gi dei eit betre sjukehusopphald, seier Skeie.