Koronapandemien har gitt god plass i fyllearresten

STAVANGER (NRK): Sist laurdagsmorgon var det berre ei opptatt celle i fyllearresten i Stavanger. Over heile landet melder politiet det same: Færre bråkebøtter har mått overnatte i arresten dei siste månadene.

Politiarrest i Stavanger

GOD PLASS: Eirik Jansen Bakkedal utanfor cellene i kjellaren på politihuset i Stavanger. Seksjonsleiaren for arrest, transport og framstilling har hatt mykje ledig dei siste månadene.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det er 21 celler i kjellaren på politihuset i Stavanger. Ei vanleg helg overnattar 20 personar her etter å ha krangla, slost og drukke for mykje.

Slik har det ikkje vore dei siste månadene. Sist helg måtte berre tre personar sove ut rusen her. Ein laurdag, to sundag.

– Det var ikkje noko vi såg for oss for eit år sidan, seier Ole Bjørn Paulsen, avsnittsleiar på Stavanger politistasjon.

Han har vore ute blant feststemte folk i oljebyen i 25 år og jobbar kvar tredje helg. Aldri har han tatt med seg så få tilbake til politihuset.

Ole Bjørn Paulsen, avsnittsleiar på Stavanger politistasjon

ERFARING: Ole Bjørn Paulsen har jobba ute i helgene i Stavanger sidan 90-talet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Då Noreg nær stengde 12. mars, stengde også utelivet i nokre veker. Så følgde ei tid kor fleire norske kommunar bestemte tidleg skjenkestopp. I starten av august blei det skjenkestopp ved midnatt i heile landet.

Denne helga blir det nasjonale pålegget oppheva. På grunn av lokale koronautbrot kan likevel kommunar halde på tidleg skjenkestopp, slik dei har gjort i Oslo.

Fleire hundre færre i politiarrestane

Truleg har færre folk på byen og færre timar med alkoholservering gjort at politiet over heile landet har hatt det like roleg på vakt som Paulsen i Stavanger. Stoda er lik i alle politidistrikt NRK har fått svar frå.

I Sør-Vest politidistrikt var det i heile 2019 over 70 innsette kvar månad som følgje av paragraf 9 i politiloven, som handlar om rusa personar. Månadssnittet til og med september i 2020 var mindre enn 50.

Vågen i Stavanger sentrum, skjenkekontrollen og politiet

TETT I TETT: I Stavanger sentrum ligg utestadene på rekke og rad. Her frå Vågen under eit tilsyn frå skjenkekontrollen i sommar.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

I Agder politidistrikt var det nær 60 §9-innsette kvar månad mellom april og september i fjor. I år under 40. I Trondheim var det 172 i arresten frå mars til august i fjor. I år var det 71.

I Bergen var det nær 250 i arresten kvar månad frå mars til september. 150 i år. Tala omfattar ikkje berre rus, men alle typar arrestasjonar.

– Om skjenkestopp er årsaka åleine, er kanskje drygt å seie. Men det er klart at kortare skjenketid og færre folk i byen heilt klart har innverknad, seier fungerande stasjonssjef ved Bergen sentrum stasjon, Ole Jacob Malmo.

I Bergen har det også vore færre tilfelle av vald i sentrum.

– Det er ikkje store tal, men i periodar der koronatiltak blir sett i verk, verker det positivt inn, seier han.

Oslo: – Mykje rolegare

Politidistrikta Møre og Romsdal og Oslo har ikkje tal på overnattingar i arresten, men i begge distrikt er det nedgang sidan mars.

– Vi får eintydige tilbakemeldingar frå dei som jobbar i sentrum og sentrumsnære område. Det er mykje rolegare med dagens skjenkestopp, seier Unni T. Grøndal, pressesjef i Oslo politidistrikt.

Når politiet får mindre å gjere med fyllebråk, kan dei bruke ressursar andre stader, seier Kristian Johansen, seksjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.

Kristian Johansen

Kristian Johansen i Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Vi har tatt fleire innbrotstjuvar. Dessutan har vi hatt tid til å følgje opp ungdommar som har rana jamaldrande i bydelane i Stavanger, seier Johansen.

Både i politidistrikta Trøndelag og Møre og Romsdal har det vore fleire oppdrag knytte til festbråk heime hos folk.

Håpar vanane våre er endra

I Sør-Vest frykta dei òg at fleire privatfestar skulle flytte problema i helgene ut frå sentrum. Det har likevel ikkje skjedd. Litt ekstra feststøy dei finaste laurdagskveldane, men elles greitt, ifølgje Johansen.

Nå håper politileiaren at koronaen kan ha endre utelivssvanene våre: At vi held fram med å gå tidlegare ut, og vidare tidlegare i seng. Sjølv om alkoholserveringa fortsett etter at klokka har slått tolv.

Fargegata i Stavanger, Øvre Holmegate

FÆRRE SKADER: Helsevesenet i Stavanger har hatt færre med såkalla «fylleskadar» dei siste månadene. «Legevakten synes å merke at det er færre pasienter med alkoholrelaterte skader og pasienter med utagerande adferd som følge av alkoholpåvirkning», skreiv dei nyleg til politikarane i kommunen.

Foto: Marie Håland / NRK

Ole Bjørn Paulsen i Stavanger har hatt nokre fine månader på jobb.

– For oss er det gledeleg. Dei stygge valdssakene har omtrent vore fråverande. Det er kjempebra, seier han, og avviser at det har blitt kjedeleg.

– Det er ikkje kjempespanande å gjete fylla i sentrum. Når du er ung og nyutdanna, ja, men det går ikkje lenge før du tenker «uff, ein til», seier han.

Status Norge

Sist oppdatert: 23.10.2020
962
Siste uke
44
Innlagt
279
Døde