Hopp til innhold

I denne kommunen har dei aldri hatt korona: – Smitten kjem jo, ein eller annan gong

Smittetala går i taket og nokre har hatt covid både ein og to gongar. I Noregs minste kommune har ingen vore smitta, men no står både omikron og gjenopning av samfunnet for døra.

Amanda Faldt Jørgensen

Korkje Amanda Faldt Jørgensen eller dei andre unge på Utsira er særleg redde for å bli smitta.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Korkje Amanda Faldt Jørgensen eller dei andre unge på Utsira er særleg redde for å bli smitta.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Minst 665.000 nordmenn har hatt korona sidan pandemien starta. Over 7700 har blitt lagt inn på sjukehus og over 1500 er døde.

Berre på onsdag vart nesten 25.000 nye personar smitta. På éin dag.

Men ingen, ikkje ein einaste ein, av dei som bur på Utsira i Rogaland har blitt smitta under heile pandemien.

Amanda Faldt Jørgensen er sikker på at smitten kjem til å kome ut ein eller annan gong.

– Det kjem jo til å skje uansett, seier ho.

For kva skjer når den smittsame omikron-varianten spreier seg og regjeringa varslar lettingar på koronatiltaka om nokre få dagar?

Utsira

Utsira er no den einaste kommunen i landet som ikkje har hatt nokon koronasmitta. Det er også den einaste kommunen i landet kor absolutt alle over 18 er fullvaksinerte.

Ein ganske vanleg kvardag

Langt sør, litt vest og utover, finn vi Utsira.
Ei øy med 188 innbyggjarar. Noregs minste kommune i folketal.

Her har korkje Sverre Klovning Myklebost eller nokon andre ved skulen hatt korona. Likevel er han ikkje uroa for å bli sjuk.

– Men det hadde ikkje vore so gøy å få det hit, seier han.

Sverre Klovning Myklebost

Sverre Klovning Myklebost og resten av elevane ute på Utsira har haldt seg smittefrie under heile pandemien.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Kameraten Jone Klovning Skare er heller ikkje so redd for å bli smitta. Han seier kvardagen på øya ikkje har vore altfor annleis etter koronaen kom til resten av landet.

– Det har vore heilt normalt eigentleg. Berre munnbind på butikken og vi har blitt delt opp i friminutta, seier Skare.

Også ordføraren i kommunen, Marthe Eide Klovning (Ap), meiner pandemien ikkje har råka Utsira for hardt.

– Vi følar oss jo veldig heldige. Slik eg opplev at andre har hatt det i to år so skjønar vi jo at vi har hatt flaks, seier ho.

Klasserommet på Utsira skole

Utsira skole, som har 18 elevar i 21/22, har ikkje hatt nokon fråvêrsdagar grunna koronasjukdom dei siste åra.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det kryp innpå

Men no breier omikron om seg samstundes som regjeringa varslar store lettingar i koronatiltaka neste veke.

Folkehelseinstituttet har sagt at mellom 3 og 4 millionar nordmenn kan kome til å bli smitta dei neste månadane.

– Personleg følar eg at koronaen jo har krope nærare og nærare innpå oss, seier Joakim Lund.

Han er rektor ved Utsira skule og sit også i beredskapsteamet i kommunen.

– No snakkar dei jo heile vegen om ein mildare variant, men eg har absolutt ikkje lyst til å få covid-19, overhovudet ikkje. Greier vi å unngå det so er det jo veldig greitt, seier han.

Joakim Lund

Rektor Joakim Lund seier han føler smitten kryp nærare og nærare, trass i at øya har haldt seg smittefri i snart to år.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Kan bli utfordrande

Om smitten skulle kome ut til øya er ikkje ordførar Marthe Eide Klovning (Ap) so uroa for at folk skal bli alvorleg sjuke.

For Utsira er den einaste kommunen i heile landet kor 100 prosent av alle over 18 år er vaksinert med to dosar. Det syner tal frå FHI (ekstern lenkje).

Det ho og fleire på øya er uroa for, er at eventuell smitte kan kome til å lamme delar av øysamfunnet.

For her har gjerne ein person fleire roller – dei som er tilsette i barnehagen og skulen er gjerne føresette til ungane også.

– No har vi laga ei prioriteringsliste over kva vi vil halde ope, som sjukeheim, barnehage og skule, seier Klovning.

Men ordføraren sjølv seier ho og andre i administrasjonen står klare til å trø til ved skulen eller barnehagen om det trengst, og at dei berre må bruke dei ressursane dei har på øya.

– So det er liksom å prøve å få det til å gå rundt, då, på best mogleg måte. Det håpar og trur eg at vi skal få til, seier rektor Lund.

Sjå direktesending frå Utsira om koronasituasjonen i kommunen.