Hopp til innhold

No kjem utlendingane på noregsferie

Dei siste åra har vore harde for dei som lev av turistar. Med gjenopning og enklare innreise til Noreg, trur næringa på ein god sesong. Likevel er ikkje alt som normalt enno.

Helge Kjellevold

Helge Kjellevold er dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen. Han har trua på at 2022-sesongen vil bli god, om ikkje noko rekordår akkurat.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Helge Kjellevold er dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen. Han har trua på at 2022-sesongen vil bli god, om ikkje noko rekordår akkurat.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Titals milliardar i tap, folk mista jobben og éin av tre fryktar konkurs – dei siste to åra har ikkje vore gode mot store delar av reiselivsnæringa.

Men no er det letta på reglane for innreise til landet, skjenkinga er igjen utvida og fleire har no trua på at betre tider allereie er her.

– Eg er optimistisk, eg. Vi såg jo i haust at det var full fart attende til normalen, so eg trur ikkje vi vil bruke so mykje tid, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Les også Fleire lettingar for næringslivet: – No er vi i gang att

Daglig leder Arnt Ove Amdal rett etter at skjenkestoppen oppheves

Trur på 200.000 besøkande

– Utover hausten og faktisk no i vinter har vi sett ein betydeleg trafikk av utanlandske turistar, seier Helge Kjellevold.

Han er dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, som mellom anna driv fasilitetar, parkeringsplass og sti tilknytt fjellplatået Preikestolen i Lysefjorden.

For han var 2019 eit toppår, med over 330.000 besøkande. Dei siste to har om lag 180.000 teke turen båe åra.

Men 2022 vert eit betre år, trur han.

– Eg ventar jo at vi kjem opp på 200.000-talet, om dette går som vi trur. Det må vi ha, seier Kjellevold.

Helge Kjellevold

Helge Kjellevold er optimistisk for 2022-sesongen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Betre tider, men ingen rekordar i sikte

Også Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner året vi går inn i ser lysare ut enn dei førre.

– Om vi går ut ifrå at alt er ope 1. mars, so er det klart at kundane vil byrje kome attende, seier ho.

I tillegg til at nordmenn har «oppdaga» Noreg som turistdestinasjon, har ho tru på at den europeiske marknaden med dei verdifulle tyskarane kjem til å gjere årets sommar til ein god ein.

Dei ventar faktisk ein 70–80 prosent normal sommar, fortel Krohn Devold.

Likevel vil det ta fleire år å fylle opp store internasjonale konferansar og resten av Europa må få ei lik utvikling som vi har hatt i Noreg.

I tillegg kan det hende at fleire viktige marknadar, som Asia, framleis er ekstra strenge på smittevern.

Kristin Krohn Devold

Kristin Krohn Devold er optimist ho også, so sant eit par ting klaffar og smittesituasjonen går i riktig retning.

Foto: Håkon Mosvold

Trur Noreg er ekstra smittevenleg

Administrerande direktør i Fjord Noreg, Stein Ove Rolland, trur Noreg og spesielt Vestlandet kjem til å klare seg bra i åra etter pandemien.

Stein Ove Rolland

Stein Ove Rolland er administrerande direktør i reiselivsaktøren Fjord Noreg.

Foto: Privat

For medan turistar i stadig større grad, ifølgje Rolland, er opptekne av smittevern, kjem det spreidde tilbodet i Noreg turistnæringa til gode.

– Er turistane meir opptekne av smittevern i dag?

– Ja, utvilsamt. Dei forventar å kome til ein stad som er trygg og dei opplev at det er teke høgde for nett det, seier Rolland.

– Pluss at det er god plass her. Vi ser at der er ein interesse for plassar som kan opplevast utan trengsel, og der har Vestlandet mykje å by på, seier han.

Trur du turistsesongen i år vert meir eller mindre normal? 🌄

Også Devold trekk fram norske avstandar som noko positivt post-korona.

– Eg trur at mange av dei som vel Noreg gjer det fordi dei ynskjer eit ryddig og ordentleg land med godt smittevern og med mykje natur. Soleis får vi nok dei turistane som kanskje er mest opptekne av smittevern i Europa, seier ho.

Offentlege toalett ved Preikestolen.

Toaletta ved Preikestolhytta er i ferd med å bli oppgraderte for å vere ekstra smittevernvenlege – også etter koronaen.

Foto: Magnus Stokka / NRK