Hopp til innhold

Korona-telefonar er sprengde: – Redd smitteberarar ikkje blir testa

STAVANGER (NRK): I to døgn har Finn Våge prøvd å få ein sjuk familiemedlem testa for covid-19. Men han blir stoppa av ein flaskehals: Stavanger kommunes koronatelefon.

Koronatelt utanfor Stavanger legevakt

I dette teltet testar Stavanger legevakt folk for koronavirus. Dei er blant dei heldige som har kome gjennom på telefon.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK

Det ringer med éin pipelyd til nummeret 51 91 40 30.

«Det er no stort press på telefonen. Les deg opp på informasjonen på fhi.no og stavanger.kommune.no. Dersom du ikkje finn svar på spørsmålet, kan du ringe koronatelefonen neste dag (...)»

Svararen høyrer til Stavanger kommune sin koronatelefon. Her skal dei som trur dei kan vere smitta av covid 19-viruset ringe for å vite om dei kan bli testa.

Problemet? Dei er ikkje åleine.

Ifølgje kommunikasjonssjef Marianne Jørgensen i kommunen kan det vere over tusen som prøver å kome igjennom.

Kapasiteten på linjene er sprengt.

Stavanger legevakt – korona-skilt

Stavanger legevakt ber folk med koronamistanke halde seg heime. Men mange er utolmodige, og når ikkje fram på telefon.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Kan ha smitta utan å vite

– Dette handlar om å stanse smittekjelda. Men det går jo ikkje viss ein ikkje når fram, seier Finn Våge.

Han er uroa på vegner av ein familiemedlem som ligg med feber.

Med fleire passande symptom, og nylege reiser til Afrika og Sør-Europa, mistenker dei det kan vere koronasmitte.

Finn Våge

Finn Våge er uroa for at familiemedlemmen kan bere smitte, men ikkje blir testa.

Foto: Privat

I to døgn har den sjuke familiemedlemmen venta i timevis på kommunen sitt koronanummer, men utan resultat.

Fleire telefonlinjer i Noreg er overbelasta desse dagane. Mellom anna var det stor pågang i Bodø onsdag, og i Bergen torsdag.

– Dei som er redde for at dei ber på smitte, må få sjanse til å teste seg, seier Våge.

Han understrekar at han har forståing for den spesielle situasjonen helsepersonell er i, og tviler ikkje på at dei jobbar på spreng.

– Må smørje seg med tolmod

I andre enden av telefonlinja sit sjukepleiarar og legar og svarer på alt dei rekker over.

Samtalane er omfattande. Køen blir lang.

– Det er jo kjempebeklageleg. Me har mange linjer, som me bemannar med den kapasiteten me har, seier Marianne Jørgensen.

Kommunikasjonssjef Marianne Jørgensen i Stavanger kommune

Kommunikasjonssjef Marianne Jørgensen beklagar situasjonen.

Foto: Stavanger kommune

Ho er kommunikasjonssjef i Stavanger kommune, og blir fortalt at telefonen aldri står stille.

– Det einaste me kan gjere, er å be folk smørje seg med tolmod.

– For dei fleste er det ikkje problematisk for helsa å måtte vente. Eg forstår at folk vil ha svar så fort som mogleg. Så dette er vanskeleg å kommunisere.

Test-telt utanfor Stavanger legevakt

Legevakta seier test-teltet tar unna det kan. Her må det vere ein viss frekvens mellom kvar prøve for at det skal vere trygt.

Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK

Har utvida tilbodet

For nokon er denne ventetida lang. For Finn Våge sin familiemedlem har det gått 48 timar utan svar.

– Kva gjer de med det?

– Me har utvida det me kan ettersom situasjonen har utvikla seg. Det er no to eigne linjer: for generelle spørsmål og for smitte, seier Jørgensen.

Kommunikasjonssjefen understrekar at dei som er alvorleg eller akutt sjuke, kan ringe andre nummer.

– Og viss du er frisk – ikkje ring smittenummeret, seier ho.

Jørgensen innrømmer at realiteten er vanskeleg.

– Dette er jo ikkje bra. Men akkurat no er situasjonen sånn at alle ikkje når fram samtidig.