Korona stengde rehabiliteringa: – Gjekk 15 steg tilbake i opptreninga

SANDNES (NRK): Hofteopererte Monica Doris Berg (48) mista opptreningstilbodet over natta. Om lag 250.000 pasientar blei råka då koronaen stoppa all rehabilitering.

Monica Doris Berg

FRYKTAR NY NEDSTENGING: Monica Doris Berg (48) går tre dagar i veka til manuellterapeut på Movon på Østerhus Arena i Sandnes. Ho håpar å unngå ein reprise på nedstenginga i vår.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Du går 15 steg tilbake og begynner eigentleg heilt frå start. Det var eit mareritt å gå så lenge utan trening, seier Monica Doris Berg.

Slik skildrar 48-åringen dei fem vekene frå 16. mars til 20. april då alle fysikalske institutt i landet, som fysioterapi, måtte stenga ned på grunn av koronapandemien.

200.000-250.000 nordmenn mista rehabiliteringstilbodet over natta, ifølge Norsk fysioterapeutforbund.

Etter gjenopninga fekk forbundet meldingar frå heile landet om pasientar som var blitt passive og trengde meir pleie.

– Går ut over søvn og alt

For personar som Monica er rehabilitering svært viktig. Ein mislukka hofteoperasjon for tre år sidan har gjort ho arbeidsufør, og gjer at ho er avhengig av profesjonell hjelp til opptrening.

Det får ho vanlegvis tre gonger i veka i treningsrommet til Movon på Østerhus Arena i Sandnes. Men i fem veker måtte ho altså klara seg på eiga hand.

Det gjekk også ut over den psykiske helsa.

– Du er gjerne sterk mentalt i starten, men etter kvart som vekene går er du ikkje det. Det går ut over søvn og alt, fortel 48-åringen.

Manuellterapeuten hennar stadfestar at korona-nedstenginga fekk store konsekvensar.

– Monica blei sett ganske langt tilbake i løpet av perioden ho ikkje fekk behandling. Eg var aldri i tvil om at ho skulle klara å bygga seg opp igjen, men det var tøft for ho, seier manuellterapeut Karen Wisur.

Monica Doris Berg med manuellterapeut

Monica Doris Berg (48) og manuellterapeut Karen Wisur på treningstime på Movon på Østerhus Arena i Sandnes.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Fysioterapeutforbundet: – Dramatisk for ein del pasientar

Norsk fysioterapeutforbund har fått mange meldingar om pasientar med liknande historier som Monica.

Gerty Lund, Forbundsleder norsk fysioterapeutforbund

Gerty Lund, forbundsleiar i Norsk fysioterapeutforbund.

Foto: Norsk Fysioterapeutforbund

– Nokre har fått forseinka rehabiliteringa, andre har fått nedsett funksjon. Det kan sjå ut som at funksjonstapet er varig for enkelte pasientar, så det har vore ganske dramatisk for ein del, seier forbundsleiar Gerty Lund.

Ho seier dette gjeld alle typar pasientgrupper og i alle aldersgrupper.

Det kan vera slagpasientar, kreftpasientar eller folk som har vore gjennon ulike operasjonar og treng opptrening.

Meldingane frå fysioterapeutforbund uroar også helseministeren

– Det var noko me var veldig redde for i perioden landet var stengt. At pandemien også ville føra til nedsett helse for dei som blei råka av at helsetenesta måtte stenga ned, seier helseminister Bent Høie (H).

Sprengt kapasitet

Sjølv om fysioterapeutane nå får halda ope, er kapasiteten sprengt.

– Fysioterapeutane jobbar 10–12 timar om dagen for å ta unna pasientane. Men når du har fem veker opphoping av pasientar og i tillegg får nye, er kapasiteten for dårleg på rehabiliteringssida, seier forbundsleiar Lund.

Helseministeren seier regjeringa gjer alt dei kan for å unngå at behandlingstilbod må stenga ned igjen.

Helseminister Bent Høie står foran en rød murvegg iført flerfarget slips og blå dressjakke.

Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Me lærer alltid og er blitt finklare på smittevern, så me kan ha andre vurderingar nå enn i mars under ein smittesituasjon, seier Høie.

Fysioterapeutforbundet meiner også rehabiliteringspasientar nå må komma inn i beredskapsplanane. Dette for å sikra at pasientane får hjelpa dei treng, trass ein pandemi.

I treningsrommet på Østerhus Arena i Sandnes har Monica som mål å komma tilbake til arbeidslivet ein til to dagar i veka.

Ho håpar for all del å unngå ein reprise på våren me har lagt bak oss.

– Ein ny runde med nedstenging er ikkje bra.

Status Norge

Sist oppdatert: 26.11.2020
2 827
Siste uke
123
Innlagt
316
Døde