Hopp til innhold

Prisauke og varemangel på byggevarer: – Eg har ikkje opplevd makan

Det kan bli dyrare enn planlagt å bygge ein ny terrasse eller eit anneks til hytta. Koronapandemien og ei kanadisk borkbille har skylda.

Tone Espedal Walskaar i Faber Bygg.

TRELAST BLIR DYRARE: Leiar for entrepriseavdeling i Faber Bygg, Tone Espedal Walskaar, seier at byggevarer blir dyrare på grunn av høg etterspørsel frå marknaden.

Foto: EIRIK GJESDAL / NRK

Skal du bygge i næraste framtid? Det kan bli dyrt.

Det er nemleg venta ei prisauke på mellom anna trelast, armeringsjern, isopor, stålprodukt og andre byggevarer.

Prisen på fleire typar trelast har alt gått opp med 17 prosent samanlikna med i fjor. På isopor er det varsla ein auke på opp mot 20 prosent.

Hovudårsaka er at det er ein høgare etterspurnad i marknaden enn det marknaden klarar å levera.

– Me får prisvarsel på forskjellige typar byggevarer nesten kvar veke, seier leiar for entrepriseavdeling i Faber Bygg, Tone Espedal Walskaar.

Markus Fossan i Faber Bygg.

KAN BLI DYRT: Prisen på trelast og andre byggevarer har auka meir enn normalt. Det kan bli dyrt å starte på eit byggeprosjekt nå.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Pandemien og ei kanadisk bille

Det er vanleg med prisstigning i byggevarehandelen, men i år har prisen auka meir enn normalt.

– Eg trur ikkje eg har opplevd makan, seier administrerande direktør Jan Arild Wathne i Faber Bygg.

Det er fleire grunnar til det, ifølge Wathne. Pandemien har gjort sitt for å hindre produksjon fleire stader. Brexit påverkar handelen med Storbritannia.

Men mykje av skulda for den høge prisen på trelast kan sporast til eit angrep av borkbiller i Canada.

– Denne billa er såpass aggressiv at heile skogar blir sett i karantene. Den kan øydelegge skogar i løpet av fire til fem år. Då aukar sjølvsagt verdien på den skandinaviske skogen, og det blir meir freistande å eksportere, seier Wathne.

Administrerende direktør i Faber Bygg, Jan Arild Wathne.

DYR TRELAST: Administrerande direktør i Faber Bygg Jan Arild Wathne har aldri opplevd ei slik prisauke i byggevarebransjen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Forbrukarar vil merke auken

For trelasta vil prisauke vere det beste utfallet. Dei fryktar nemleg at det kan gå heilt tomt.

– I verste fall får me ikkje lenger tak i materiala me treng, og då stoppar bygginga heilt opp. Ein prisauke ville vore det beste alternativet, men nokon må jo ta rekninga for det. Og det kjem dei vanlege forbrukarane til å merke, seier Wathne.

Dersom problemet med varemangel blir reelt, er dei klare for å tenke alternativt.

– Då må me sjå på meir kreative måtar å få tak i materialar på, som gjenbruk, seier Walskaar.

Butikkane har mykje på lager

På Byggmakker Sørbø Trelast i Stavanger har dei merka prisauken. Men salssjef og marknadsansvarleg Ove Sør-Reime trur ikkje dei kjem til å mangle varer med det første.

– Me har bra lagerkapasitet rundt i landet, og har avtalar med fleire leverandørar. Akkurat no har vi kontroll på situasjonen, seier Sør-Reime.

Salgssjef og markedsansvarlig i Proff, Ove Sør-Reime

PRISAUKE: – Prisen stigar når etterspørselen er stor, seier salssjef og marknadsansvarleg i Proff Ove Sør-Reime.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Coop bekreftar utfordringa med tilgang på trevirke i den norske marknaden. Dei seier dei har stabil tilgang til trevirke framover til deira varehus.

Bergene Holm, som er Noregs nest største produsent av trelast, seier at dei ikkje kjem til å bli tomme for treverk, då dei produserer frå norske tre fortløpande. Også dei stadfestar at prisen stig grunna etterspurnaden.