NRK Meny
Normal

Gir bompakken 56 prosent sjans for å lukkast

Eit konsulentselskapet har gått gjennom planane på oppdrag frå regjeringaog anslått oddsen for at prosjekta i bompakken på Nord-Jæren er nedbetalt innan bomperioden er slutt.

Ein passasjer går på ein buss i bussvegen i Stavanger

Bussvegen mellom Stavanger og Sandnes er det største enkeltprosjektet i Bypakke Nord-Jæren.

Foto: Elisabeth Tønnessen

– I utgangspunktet kan 56 prosent sjanse for å lukkast høyrast relativt lågt ut, men eg synest det er eit ganske høgt tal som viser at pakken er ganske robust, seier samferdslesjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling.

Gottfried Heinzerling

Samferdslesjef i Rogaland fylkeskommune, Gottfried Heinzerling, meiner den nye bompakka er eit robust prosjekt.

Foto: NRK

Han viser til at dei har kalkulert med ein nedgang på 10 prosent i biltrafikken, som følge av høge bompengeavgifter. I tillegg har dei også rekna med at mange kjem til å kjøpa seg elbil for å sleppa billegare unna bommane.

Bompengeperioden på Nord-Jæren er i utgangspunktet sett til 15 år. Dersom innkrevjinga startar frå 1. juli 2018, så betyr det at den skal ta slutt i 2032.

Men konsulentselskapet som har vurdert arbeidet som er gjort frå Rogaland fylkeskommune si side, har ikkje særleg tru på at det kjem til å skje.

«Den eksterne konsulenten peikar på stor uvisse i pakka samla sett. Konsulenten meiner det er 56 prosent sannsynleg at alle tiltaka som inngår i pakka vil vera nedbetalte når perioden går ut.»

I god tradisjon

Tvilen om at nedbetalinga skjer etter oppsett plan, har også ei historisk side.

Den nåverande bomringen på Nord-Jæren starta opp i 2001 og skulle vera ferdig etter 10 år, i 2011.

Då vart den utvida i fem år til april 2016, og nå går det endå over to år før den blir erstatta med ein ny og dyrare bomring, truleg i juli 2018.

Fryktar fleire prosjekt i pakka

– Min umiddelbare reaksjon er at det då er 44 prosent sjanse for at prosjekta i bompakka for Nord-Jæren, ikkje blir nedbetalt i tide, seier gruppeleiar Frode Myrhol i Stavangerpartiet Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB).

Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til mer bompenger

Frode Myrhol, leiar i Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, i Stavanger, meiner at prisen kjem til å stige mykje meir enn kalkulert på prosjekta som bompengeinnkrevjinga skal finansiera.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

Myrhol meiner at dei store prosjekta i bompakka er for dårleg greidde ut, og at dei kjem til å gå på kostnadssprekkar.

– Me ser det jo nå i samband med arbeidet med bussvegen. Den blir berre dyrare og dyrare å byggje etter kvart som ein finn ut kor traséen skal gå, seier Myrhol.

Bomringene på Nord-Jæren

Bomringen på Nord-Jæren startar truleg innkrevjing, sommaren 2018.

Foto: NRK

Betre enn tidlegare pakkar

Årsaka til at samferdslesjefen meiner at Bypakke Nord-Jæren er eit godt førebudd prosjekt, er at ein del kostnadsauke er kalkulert inn i prosjekta.

– Men samstundes skriv konsulentane at det er få prosjekt som er skikkeleg kalkulerte. Dei fleste er jo grove overslag?

– Det stemmer at på dei store prosjekta så manglar me skikkelege reguleringsplanar. Slik sett er det ein risiko for ein kostnadsauke på 40 prosent, seier Heinzerling.

– Men noko uvisse vil du alltid ha, avsluttar han.