Hopp til innhold

Konkurransetilsynet: – Små kjeder gir billegare bensin

Finst det ei lita bensinkjede i nærleiken av der du fyller tanken? Då er truleg bensin og diesel litt billegare i området.

Fylle bensin

Tal frå Konkurransetilsynet viser at bensinprisen blir lågare i område der mindre bensinstasjonskjeder har etablert seg.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Generelt er konkurransen i drivstoffmarknaden svak og prisane høge, seier Øyvind Nilssen.

Han er fungerande avdelingsdirektør for bygg, industri og energi i Konkurransetilsynet, som overvaker bensin- og dieselprisane i Noreg. Tal frå tilsynet viser at små kjeder på drivstoffmarknaden kjem forbrukarane til gode.

Ei av desse mindre kjedene, Tanken, opna nyleg sin 22. stasjon på Kåsen på Jæren. To av kjeda sine stasjonar ligg i Telemark, medan dei andre ligg i Rogaland.

Var lei av pris-stresset

Nå viser Konkurransetilsynet si prisovervaking at etableringa av Tanken har pressa prisane ned, også hos dei andre kjedene i områda kor Tanken sine stasjonar ligg.

Joar Skorpe

Joar Skorpe driv bensinstasjonskjeda Tanken.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Joar Skorpe opna den første Tanken-stasjonen i 2015. Han hadde jobba på ein YX-stasjon i Stavanger, og var lei av stresset med å finne ut kva for pris dei andre kjedene hadde.

Sidan då har han opna 21 stasjonar til.

– Det første året skulle eg bygge ti stasjonar kvart år. Eg ligg jo litt etter, men målet er framleis det same. Planen er at Tanken skal bli det folk føretrekker på bygdene, seier Skorpe.

Tanken bensinstasjon på Kåsen i Klepp

Bensinstasjonskjeda Tanken opna nyleg sin 22. stasjon på Kåsen i Klepp i Rogaland. To av stasjonane ligg i telemark, medan dei 20 andre ligg i Rogaland.

Foto: Arild Askeland / NRK

Han hugsar godt den første tida etter at den første stasjonen opna.

– Dei første vekene låg vi meir enn ei krone under dei andre. Faktisk så mykje som ei krone og 70 øra lågare. Då var vi nede på 12-talet på bensin, seier han.

Ikkje god konkurranse i Noreg

Sidan har prisen stege. Bensinprisen i Noreg nådde ein førebels topp tidlegare i år. Den gongen var det låg kronekurs som gjorde at bensinen kosta meir enn 17 kroner literen.

Dei største kjedene konkurrerer ikkje så godt, meiner Konkurransetilsynet.

Øyvind Nilssen, Konkurransetilsynet

Øyvind Nilssen i Konkurransetilsynet.

Foto: Marit Hommedal / Konkurransetilsynet

– Vi har fire store nasjonale kjeder i drivstoffmarknaden. Tanken er ein aktør som tenkjer annleis. Dei utfordrar dei fire store, og det har gjort at prisane har gått ned, seier Nilssen.

Tilsynet kan ikkje seie nøyaktig kor mykje prisen går ned i områda kor små kjeder finst. Årsaka er at bensinprisar varierer frå dag til dag og område til område. Men tendensen er heilt klar, ifølgje Nilssen.

– Vi ser at prisane er lågare der dei er til stades, seier han.