NRK Meny

KONKRETE BOD PÅ HERMETIKKEN:

Stavanger kommune har fått konkrete bod på dei gamle bygningane og tomta i Hermetikk-kvartalet i Stavanger, det skriv Aftenbladet. – Dei boda me har fått inn så langt er for låge, seier rådgjevar Øyvind Bergsaker, men dei veit at det i løpet av veka kjem minst eitt bod til. Aftenbladet erfarer at bodet skal vera i størrelse rundt 71 millionar kroner.