NRK Meny
Normal

Elev fekk straum gjennom kroppen i fysikktime – hamna på sjukehus

Ein elev ved Stavanger katedralskole er innlagt til observasjon ved Stavanger universitetssjukehus etter det gjekk gale i fysikktimen i går.

Stavanger katedralskole

Eleven ved Stavanger katedralskule, midt i Stavanger sentrum, blei sendt med taxi til legevakta etter hendinga.

Foto: Lars Mæhlum / CC

– Det stemmer at ein elev fekk straum i seg på skulen, seier rektor ved Stavanger Katedralskole Turid Myhra til NRK.no.

Hendinga skjedde i går under ein fysikktime som handla om straum. Det er ukjent kor stor spenning eleven fekk gjennom kroppen, men han skal ha blitt dårleg i etterkant.

Skulen sende han då til legevakta med taxi, etter dette blei det avgjort at han måtte leggjast inn ved Stavanger universitetssjukehus for observasjon.

– Ser alvorleg på det

Rektor understrekar at eleven ikkje blei sendt aleine i taxi, men slår også fast at dei vil gå gjennom kva som har skjedd.

– Me ser svært alvorleg på denne type hendingar, og har rutinar for kva me skal gjera når elevar blir skadde. Me vil gå grundig gjennom og sjå på om desse rutinane har blitt følgt også i dette høvet, seier Myhra.

Ho legg til at verken eleven eller foreldra bebreidar skulen for det som har skjedd.