Hopp til innhold

Kongeørnvenge klippa rett av. Miljøkriminalitet, meiner Motvind

Ved vindkraftanlegget på Høg-Jæren vart det funne ei avkappa kongeørnvenge. Motvind meiner det er på grunn av vindmøllene.

Kongeørn vinge

SKULDAR PÅ VINDPARK: Organisasjonen Motvind meiner Høg-Jæren vindpark har skylda for korleis det gjekk med denne kongeørna.

Foto: privat

– Nokon var på tur i området og fant vengen og kongeørna.

Det seier leiar i Motvind Dalane, Marit Brevik. Ho fekk tilsendt bilda av ørna og vengen som vart funne rundt vindkraftanlegget på Høg-Jæren. Ho er ikkje i tvil om kva som er årsaka til det.

Marit Brevik i Motvind

Marit Brevik i Motvind synest vindparkane er ein måte å utrydde store rovfuglar på.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Det er veldig sannsynleg at det er eit vindturbin-blad. Dei går i 300 kilometer i timen. Ørnene ser ikkje det som kjem over dei, og er ikkje førebudd på ein fiende som kan drepe dei slik som dette, seier Brevik.

Kongeørna er totalfreda, og no er det også midt i hekketida. Brevik fortel at dei tidlegare i Eigersund kunne sjå ørnar, men etter vindkrafta kom har dei ikkje sett dei meir.

– Dette er miljøkriminalitet og heilt unødvendig, seier ho.

Kongeørn død

Bilde av kongeørna som vart funne på Høg-Jæren, der den eine vengen er kutta av. Bilda har skapt stort engasjement på Facebookgruppa «Nei til naturøydeleggjande vindkraft i Noreg».

Foto: privat

Ikkje overraskande

Seniorrådgjevar for miljø hos Statsforvaltaren i Rogaland, Cathrine Stabel Eltervåg, seier at ein del ringjer dei med uro rundt vindkraftverk. Statsforvaltaren registrerer hendingane.

– Det er ikkje oppsiktsvekkande at noko sånn her skjer. Me har mellom anna høyrt om daude kattugler ved Skurve, seier ho.

Cathrine Stabel Eltervåg, rådgiver Fylkesmannen i Rogaland

Cathrine Stabel Eltervåg hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Motvind og fleire organisasjonar samarbeider om saka og vil melde Høg-Jæren vindkraftverk inn til Økokrim.

Sjefen i Høg-Jæren vindpark, Kenneth Puntervold, vart overraska då NRK ringde og fortalde om kongeørna som var blitt funnen.

– Dette har eg ikkje høyrt om. Eg håper ikkje det er kongeørna som har vore der i mange år. Me har eit par som høyrer til i skogen.

– Ikkje hatt problem med dette

Nokre år tilbake fann han ei ørn i området til vindparken, men kunne ikkje slå fast at det var på grunn av vindmølla at ho døydde.

– Me har alltid klart å styre utanom dette. Eg er glad i naturen sjølv, og ikkje vore bekymra over at dette kunne skje no. Me har vore her i ti år og ikkje hatt noko problem med dette.

At Motvind ønskjer å melde vindparken inn til Økokrim klarer han ikkje å ta stilling til.

– I og med at dei ikkje har kome til oss og sagt ifrå om at dette har skjedd, så har me ikkje fått gjort noko med det heller. Dette kan skje kven som helst.