Avdelingssjukepleiar og assisterande avdelingssjukepleiar på akuttmottaket ved Stavanger universitetssjukehus trekte seg med umiddelbar verknad tysdag.
– Grunnen er at det var stor belastning å stå i stillingane, opplyser klinikksjef på Mottaksklinikken ved SUS, Erna Harboe.
Dette skjer midt i ein strid om ny turnus ved avdelinga. Tilsette har opplyst at dei er redde den nye planen ikkje sikrar forsvarleg drift, noko Stavanger Aftenblad har omtalt.
Dei meiner at grunnbemanninga er for låg, og at leiinga legger opp til for mykje overtid og ekstravakter i turnusen.
Ei liknande konflikt om bemanning har også gått føre seg ved Haukeland universitetssjukehus. Dei tilsette varsla i fjor 134 gonger om dei har det for travelt på jobb.
Akuttmottaket ved Stavanger universitetssjukehus.
Foto: Ole Andreas BøKrev fleire på jobb
At dei to leiarane trekker seg, overraskar ikkje føretakstillitsvald for sjukepleiarane ved SUS:
– Denne avdelinga har ein historikk med stort arbeidspress. Eg kan forstå at det av og til for mykje, seier Aud H. Riise.
Ho seier ho vil halde fram ein god dialog med leiinga om korleis dei no kan løyse problema på akuttmottaket.
– Nøkkelen er å auke bemanninga. Overtidstimar er veldig dyre timar, og desse pengane ville blitt betre brukt som faste stillingar, seier Riise.
På bakgrunn av overtida som blir brukt no, meiner ho det er snakk om nærmare ti stillingar.
– No jobbar me med dei tilsette, verneombod og tillitsvalde for å få gode arbeidsplanar på akuttmottaket, seier klinikksjef Harboe ved SUS.
– Er det mangel på ressursar på avdelinga?
– Me må bemanne opp når det er stor tilstrøyming av pasientar. Då har me brukt overtidstimar og ekstravakter, svarer Harboe.
Klinikksjefen ved SUS seier leiinga no jobbar for å få til gode løysingar med dei tilsette.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKKonflikt gav fleire tilsette
Etter månadar med uro på akuttmottaket ved Haukeland, fekk dei tilsette tysdag vite at dei no får to fleire sjukepleiarar per vakt.
– Ein auke på to per skift er eit skritt i rett retning. Det er godt å oppleve at leiinga i større grad enn tidlegare lèt til å ta innover seg tilbakemeldingar og uro frå dei tilsette, og handlar i tråd med dette, seier Hans Fredrik Iversen, verneombod for sjukepleiarane på akuttmottaket.
I oktober blei Daniel Nicolai Guldberg (43) funnen død etter halvannan time åleine på akuttmottaket ved Haukeland. Varslar frå dei tilsette har gjort at sjukehuset har omprioritert 20 millionar kroner.
Verneombodet ved akuttmottaket på Haukeland er glad leiinga no har tatt grep.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRKHøie: – Skal bli tatt på alvor
Onsdag nådde sjukehuskonfliktane i Stavanger og Bergen Stortinget.
Då Kjersti Toppe frå Sp stilte spørsmål til helseministeren, trekte ho fram at tilsette i Stavanger melde uro for grunnbemanninga på akutten i mars i fjor, og at dette liknar på situasjonen nokre timar lenger nord:
«På Haukeland blei det berre ei endring etter at det hadde skjedd eit dødsfall. Så er det slik ein vil få til ei auka bemanning også i Stavanger, tenkjer statsråden?»
Dette var helseminister Bent Høie (H) førebels taus til, men svarte dette tidlegare på spørsmål om bemanningssituasjonen:
– Det skal ikkje vere naudsynt at det skjer ei alvorleg hending. Når dei tilsette gir beskjed om at dei er uroa for pasientsikkerheit og kvalitet, skal det bli lytta til og tatt på alvor – på alle sjukehus, uavhengig av avdeling, sa Høie.
Helseminister Bent Høie (H) meiner varslar frå dei tilsette må bli tatt på alvor.
Foto: Truls Aagedal