Hopp til innhold

Kondensatlekkasje på Gina Krog-plattforma

Berre to dagar etter at produksjonen starta opp på Gina Krog-feltet i Nordsjøen, måtte dei tilsette mønstra til livbåtane.

Statoils Gina Krog-plattform

Statoil starta opp produksjonen på Gina Krog-feltet fredag 30. juni.

Foto: Øyvind Torjusen/Statoil

– Me er kjent med at Gina Krog bad om assistanse frå Hovudredningssentralen rundt klokka 20:00 sundag kveld, skriv direktøren for kommunikasjon og samfunnskontakt i Petroleumstilsynet, Inger Anda, i ein e-post til NRK.

Berre to dagar etter at produksjonen på Gina Krog-feltet starta opp, gjekk alarmen. Gassdetektorane hadde fanga opp ein lekkasje.

Dei om lag 600 tilsette som var om bord mønstra til livbåtstasjonane, og var klare til å evakuera.

– Det er standard prosedyre å mønstra ved livbåtane i forbindelse med gassalarmar offshore, skriv Anda.

– Ikkje ei alvorleg hending

Det skal ha vore ein mindre lekkasje av kondensat, også kalla lett olje, og den var under kontroll etter berre 20 sekund. Ønsket om assistanse frå HRS blei difor raskt trekt tilbake, og evakueringa kansellert.

– Me blei varsla om hendinga, men me ser ikkje på den som spesielt alvorleg, sjølv om alle gasslekkasjar på produserande petroleumsinnretningar per definisjon blir sett på som alvorlege, skriv Anda.

Har gått gjennom systema

Det er Statoil som er operatør på Gina Krog-feltet, dei fortel at produksjonen på feltet var stengd av då lekkasjen skjedde.

– Sjølve hendinga var udramatisk, med tanke på at her er det snakk om ein halv desiliter lett olje, men når ein får utslag på detektoren og alarmen går, så er det berre ein instruks som gjelder, og det er å mønstra til livbåtstasjonane, seier pressetalsmann i Statoil, Morten Eek.

Morten Eek

Morten Eek er pressetalsmann i Statoil

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I følgje selskapet er det ikkje uvanleg å få ein del driftsforstyrringar ved oppstart av eit nytt anlegg, men dei legg til at oppstarten på Gina Krog så langt har gått veldig bra.

– Når me får ein lekkasje så har me system som skal overvaka dette nøye, og me er veldig nøgde med at systema på Gina Krog greier å fanga opp veldig små lekkasjar, seier Eek.

Statoil har gått gjennom systema, og produksjonen er no tilbake i full drift.