Hopp til innhold

18-åringar lagar mobildeksel av søppel frå havet

Kompisane vil påverka andre til å sjå at «ubrukeleg» plast kan brukast til noko. – Eit viktig prosjekt for å skapa engasjement, seier WWF.

Lager mobildeksel av plast

Dette avfallet har gutane plukka langs Jærstrendene. Noko av plasten skal lagas om til mobildeksel.

Foto: Anna Sørmarken Vestly

WWF anslår at det finst 5,25 billionar plastbitar i havet.

Det er så mykje at det kan dekkje heile Noreg fire gonger.

Det vil desse ungdommane frå Jæren gjera noko med. Dei brukar plast dei plukkar frå strendene, og gjer den om til mobildeksel.

– Me har sett problemet med eigne auge, seier Tobias Vigrestad Mellemstrand.

Han og kompisane Mathias Mattingsdal og Elias Aarsland har heile livet vore opptekne av miljø og berekraft. Heilt sidan barndommen har dei gått turar saman langs Jærstrendene og sett store mengder søppel flyte langs kysten.

Ein kveld fekk gutane ideen om å gjera havplast om til noko brukbart.

I 2019 starta kompisane bedrifta «MiljöProtector».

Lagar mobildeksel av søppel

I ein garasje på Vigrestad i Rogaland lagar dei deksel til mobil av plast frå sjøen.

Verkstedet til Miljöprotector

Verkstaden til kompisane er inni denne garasjen på Vigrestad.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Plasten dei bruker har dei sjølv plukka langs kysten på Jæren.

18-åringane klarer ikkje å seie kor mange timar dei har brukt på å rydde stranda dei siste åra.

– Det har blitt ganske mange timar, men samtidig skal ein ikkje gå mange metrane før ein finnar noko der, seier Mellemstrand.

Gründerane plukkar all slags søppel på stranda, men det er berre plast av varianten polypropylen som blir brukt til deksel. Dette er plast som kjem frå til dømes mat- og medisinbehaldarar, spann og lokk.

Lager mobildeksel av havplast

Deksla kan få ulike fargar ut frå kva slags farge plasten har.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Denne plasten blir vaska og kverna. Deretter smeltar dei bitane om og inn i ei form som er forma som ein mobil. Etter ein finpuss av dekselet er det klart for å bli sendt i posten av gutane sjølv.

– Heile prosessen skjer her på Vigrestad. Det er viktig for oss at sjølve prosessen er så berekraftig som mogleg, seier Mattingsdal.

  • Sjå korleis gründerane lagar mobildeksel av havplast:

– Eit stort problem

WWF meiner denne typen prosjekt er viktig for å skapa engasjement og spreie kunnskap.

– Det er gledeleg at ungdommen gir plasten ein verdi i form av eit nytt produkt, seier rådgivar for plast i WWF Noreg, Silje Sørfonn Moe.

Plast i havet er eit av dei raskaste veksande miljøproblema i verda, ifølgje WWF Verdas naturfond.

Likevel seier Moe at plast i havet er eit så stort problem at det må takast grep på mange ulike nivå. Både internasjonale aktørar, styresmakter, næringsliv og enkeltpersonar må samarbeide for å løyse problemet.

Lager mobildeksel av plast

Plasten kvernar dei til små granulat. Desse blir smelta om i ei form som er forma som eit deksel.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Hovudårsaka til at det kvart år hamnar over 8 millionar tonn plast i havet er at mange av landa som har høgast utslepp har dårlege eller ingen system for avfallshandtering.

Vil inspirere andre

Sjølv om det ikkje er store mengder plast frå havet som blir resirkulert i eit deksel, er det bodskapen bak som er det viktigaste for kompisane.

– Det er filosofien bak produktet som har ei påverknadskraft. Vi vil påverke andre til å sjå at plasten kan brukast til noko, seier Mattingsdal.

Kompisane seier sjølv at dei ikkje tener mykje på bedrifta. Det viktigaste for dei er å belyse problematikken, og dei håpar dei kan inspirere andre unge til å gjere liknande tiltak.

Mobildeksel laget av havplast.

Desse mobildeksla er laga av havplast.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK